torsdag 15. januar 2009

Mål for dagen

Ettersom vi har vore litt pjusk her i solveigland.. ligg vi no bak skjema med ting vi skulle ha gjort denne veka! Så eg trur eg skal ta og lage meg nokon mål no i skrivande stund.. Det gjeld å prioritere..
1. Stryke bunads-skjorte (ja, det blir bunad på meg i bryllupet i helga. Eg er like brun som istappane som heng oppunder rafta her, ikkje har eg funne kjole, det er KAAAALDT! Ja, eg treng vel ikkje fleire begrunningar?? Føler meg forresten særskilt vel i bunad.. så det vart eit enkelt valg)
2. Vaske hus ( heeeeile huset! Kvar kjem alt dette støvet frå?? Utsatte helgevasken forige helg sidan eg viste at heile slekta kjem til denne helga)
3. Handle gåve til Adele, nytt BLÅTT(det var koda eg fekk frå brudeparet iallefall..) slips til Frank, og matvarer til selskapet i morgon og kaka eg skal lage til bryllupet.. Og det med begge ungane på slep! Kan ta litt tid...
4. Sy buksa til Frank (den fekk litt hard medfart på julebordet... kremt!)
5. Lage sjokoladekake, gele, pastasalat og kanskje litt anna...
Trur eg må stoppe der.. som de forstår blir det ein seeeeeeein kveld på meg idag! Burde vel egentleg ikkje ta meg tid til å skru på dataen ein gong.. Men i skrivande stund får eg ikkje gjort noko uansett, begge ungane er sure og trøtte og skal snart kvile seg.. Så då sett eg opp turboen!!
Men selskap skal det nok bli.. og kjekkt skal det forhåpentleg bli.. Når eg endeleg er i mål.. Ellers alt bra her i solveigland! ha ei god helg.. tvilar på det blir meir blogging før helga!

2 kommentarer:

Tara sa...

takk for koselig hilsen...så klart du kan linke meg:)))
håper du får unna alt du har planlagt idag...det blir vel hektisk, ja!!!
klem tara...

Anna Lisa sa...

Mykje å gjer for deg i helga sjønner eg. Men det får du jo til. Bare å ta en ting om gangen ;)
For oss ventar 2 barneselskap i helga. Men ellers vert det roleg:)
Ha ei fin helg
Klem