mandag 26. januar 2009

Endeleg

..etter ei veke med over 39 i feber kvar kveld, ikkje matlyst (utanom sjoko-melk), to turar til lege, nase så sår etter litervis med snørr at den e blodig og skurvete, utallige timar på sofaen/fang, fekk Adele seg ein pencelinkur! Kraftig halsbetendelse sa doktoren. Så no gler vi oss slik til å bli friske!! Ho lengtar etter å få fare ut å leike og ikkje minst å få fare i barnehagen. Og eg gler meg til vanleg kvardag med vasking av hus og alt som høyrer til. Ikkje minst å få være litt ute i dette nydelege vinterværet! Ut å trille! Det skal bli godt... :) Så.. om forhåpentlegvis ikkje så alt for mange dagar er vi tilbake i kvardagen her i solveigland!
Håpar vi har fått vår dose med omgongssjuker no...
Det einaste eg kan skryte på meg å få ha fått gjort er at eg omsider har fått orden i kleskaoset til ungane! Og det er det eg kan kalle det Ooo-STOREKLESPROSJEKT! Alt som er for lite ligg no i sirlege bunkar i nyinnkjøpte plastkasser (takk og lov for billege på NILLE!). Og det var ikkje reint få vi har fått i hus. Alle kassene er merka etter gut/jente og størrelse. Det har stått på lista ei stund å få gjort. Og ellers har eg fått sortert dei fleste skap. Mykje som skulle vekk ja! Så forhåpentleg kan vi glede andre med eit lass med kle. Håper berre dei kjekke kontainerane som har stått rundt om her i Volda, står der endå. Viss ikkje tek dei kanskje i mot på gjenbruksbutikken??.. Må sjekke ut.. :) Rart med det, men når eg går heime med sjuke ungar og veit eg ikkje får gjort stort, er energien på topp, og lysta til å gjer ting er enorm! Så no står ommøblering av stova for tur! Har planen klar! Alt skal snuast om! Å! Så eg gler meg!! :) Håper berre lysta er like stor når eg no kjem tilbake til vanleg kvardag.. ;)

2 kommentarer:

Anna Lisa`s hjerteblogg sa...

Bra ho fekk medesin til slutt iallefall, og nå håpa eg sjukdomen er på vei bort. Så dokke får ein vanleg kvardag og kan kose dokke. Det er deilig trillev ær iallefall. Skikkelig vårvær syns eg.
Deilig å få rydde og ordne til i klesskapa. Det gjorde eg forrige veke.
Ønska deg ein fin kveld
Klem

Camilla Gangsøy sa...

Hei!

Takk for hyggeleg tilbakemelding på sida mi - kjekt å lese din blogg også! God bedring til Adele, men håpar ho fortset med Sjoko-melk etter ho har vorte frisk også! (eg jobbar på Tine ;-)

Helsing Camilla