fredag 23. januar 2009

Så var det helg


Ja.. jammen er det blitt helg igjen! Tida flyg! Og glad er eg for det, for no gler eg meg virkeleg til vår, varme, lysare tider... og ja sommaren!! Det skal bli godt. Sleppe all påkledninga av ungar når vi skal ut for dør, sjuke ungar(!!) og måkinga av bil. Pluss alt anna som høyrer vinteren til.. Det skal bli bra tenkjer eg! :)


Ellers har eg vore innom diverse bloggar å lest litt om dette med at somme velgjer å være anonyme, medan andre pøsar ut om sin private kvardag. Både med ord og bilete. Og eg er i den siste kategorien! Har lest innlegg der folk skriv at dei både er kvalme og lei seg når dei ser at andre legg ut bilete av ungane sine. Eg blir nesten litt sjokka! Men alle har rett til å seie si meining, og meine det dei meinar. Min blogg byrja eg med tanke på at venner og familie skulle få ein sjanse til å følge oss litt i kvardagen. Og då blir det heilt naturleg for meg med mykje bilder. Og det av ungane. Selfølgeleg vurderar eg alle bilda eg legg ut, og står for alt som eg skriv. Bank i bordet! Føler ikkje at eg brettar ut alt.. De skulle berre ha vist... ;)
Men samtidig syns eg det er utruleg artig å følge anonyme bloggarar! Veldi artigt! Men ikkje alle er like utrusta med skrive-talent. Og med det meinar eg slike som meg. (Altså av dei mindre utrusta..).

Men men.. nok om det. Det er helg igjen ja. Tenkte eg skulle gi eit nytt tips til brettspel. Vi fekk faktisk fleire til jul i år. Til mi stoooore glede!! :)

Rummikub heiter det. Ikkje noko nytt spel på markedet. Men veldi kjekt! Og her får ein brynt seg litt på enkel matte. Eit kjekt strategi-spel for oss som likar det. Også treng ein ikkje vær så mange å spele for at det skal bli kjekt. To mann held i lange baner! :) Berre synd min kjære ikkje likar så godt dette spelet... ;) Trur eg avsluttar med det og ynskjer de som skulle stikke innom her ei god helg!! Sett veldig stor pris på om de legg igjen ei helsing, anonym eller ei.. ;)

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei:)
No skal du høyre her.. Ej sendte en mail te Toro ej, der ej såurte koffår dei hadde slutta me Jegergryte. Svaret va et dei holdt på å forbedre produktet og det kom ei ny gryte; Jaktgryte 1.feb. Så då får vi berre håpe at den e go:)

Go helg! Kjekt me telefon i dagtidlig.. sjøl om ingen av oss va veldig pratesalige..

Klem