onsdag 7. januar 2009


I skrivande stund er eg så trøtt at eg er kvalm.. ja, eg kunna sovna ståande! Men Hallvard er VÅKEN!! Veldi VÅKEN! Det er ikkje noko hemmlegheit at eg treng mykje søvn.. og søvnen min er heilag! Men kva skal eg gjer når Hallvard vil, og skal stå opp kl 04.00???
Det er 3. dagen no han våknar då.... først strålande blid. Så eg prøvar alle mine triks. Puppe litt, kose, synge, gynge, puppe litt meir, riste litt.. puppe meir! La han grine litt.. Tørr bleie.. kose.. hysje.. men NEI! "Eg vil stå opp, må du vel forstå mamma.."
Så.. gi meg eit tips! Om du har..
No er klokka blitt 05.30. Var tenkt å stå opp litt tidleg idag (ikkje SÅ tidleg!..). Eg og Hallvard skal ein tur på Moa idag, ilag med mamma.. Blir nok ein lang dag dette. Men no er vel Hallvard snart trøtt tenkjer eg.. Men eg kjenner at eg byrjar å bli så pass våken, at eg sovnar nok ikkje skikkeleg før vi må stå opp igjen.. (om det blir noko meir soving då..)
Eg forstår vi hadde, og har det veeeldig lett med Adele "sju-sovaren" vår. Ho har sove jamt mellom 14 og 16 timars natt.. Pluss ein eller to gode lurar på dagen. Men men.. vi er ikkje alle like!
No kikar Hallvard på meg.. Han smilar. Smilet er så stort at heile han ristar av iver.. du er jo god då.. ;)

PS! Treng vel kanskje ikkje å sei det.. men bildet er ikkje tatt no.. ;)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Heia:)Godt nyttår:)!Koseligt å få følge med dykk i bloggen din:)Ha ein flotte dag:)!Klem frå Gunnhild:)

Anna Lisa`s hjerteblogg sa...

Huff stakkars deg Solveig som ikkje får sove meir. Det er slitsomt dette. Eg har eit anna problem men det gjeld for lite soving også. Eg sit og strikka på sofan til 02 i natt, fikk ikkje sove, og blei bare rastløs av å ligge. Travelt. Så nå er eg trøtt som ei hengebjørk. Huset er nyvaska, og vi har vore på babybading... ja du kan tenke deg kor trøtt eg er.
Og etterpå skal eg opp til ei vennine som har bursdag i dag. Ikkje bare bare her i livet. Tryggve sover frå 22- 06. Då får han flske og sovner i gjen til kl er 08-09 ca... det er eg fornøyd med. Skulle bare ønske eg fekk sove da!!!
Håpa det var kejkt på Moa i dag :)
Ha en fin kveld
Klem