lørdag 27. juni 2009

HALLVARD 1ÅR

"Hipp hurra for Hallal vår som allereie er blitt eit år! Vi er så glade i deg. Stor klem frå Adele, mamma og pappa". Det var helsinga vår frå oss til Hallvard i avisa idag.
Ja, no er vesle guten min eit år!! Tida flyg..

Både Hallvard og Adele har vore litt småsjuke siste dagane. Høg feber og slappe. Så vi roa heilt ned og utsette selskapet på fredag. Det vart ein kjempe kos dag. Berre oss.. :) Bada og kosa oss her heime.Jubilanten sjølv var feberfri medan Adele hadde fortsatt feber, men vi kunne ikkje la dei gå glipp av den nydelege sommardagen. Så det vart mykje is og leik. Her testar dei ut lastebilen som han fekk av Adele.Idag inviterte vi venner på fest! Ikkje alle kunne komme, men det vart liv i heimen med dei som kom!Litt kaker må til... ;)Her er Hallvard ilag med ei av dei 5 prinsessene han hadde i selskapet sitt.Dei bada og plaska. Første mann ut i bassenget, hoppa opp i med finkjolen og skoa på, medan vi song bursdagsong til prinsen.Imorgon fortsett festen med tanter, onklar, besteforeldre, oldeforeldre og søskenbarn. Det gler vi oss til!
Gratulere så mykje med 1års dagen lisje venn.. Vi er så utruleg stolte av deg, og inderleg glade i deg!!!
Du er så snill, blid og god. Heilt perfekt!
God klem til deg "knoske-roske-doske" våra.. :)


mandag 22. juni 2009

Ting skjer i Hagen 6

Eg tok med meg ungane og for til Rovde fredag og laurdag, og når vi kom heim hadde det sjedd litt her i solveigland. Frank var på lagerutsalg og kjøpte ny dør! Hurra hurra!!! Har lenge grua meg til å starte på nedpussing og maling av den lite fine døra som vi hadde frå før. Men no slapp eg altså det! Syns heile huset såg mange år yngre ut faktisk! Ikkje så mykje som skal til.Ellers ser det ut som eit annleggsområde rundt huset med oss. Frank har jobba som ein helt heile helga og fått gjort mykje. So no byrjar det å ta form her. Endeleg! Trur ikkje eg har hatt grøn plen ein heil sommar på dei fem sommrane vi har budd her. Frank har heile tida nye prosjekt og utbedringar på gong. Men no har han lova meg at dette blir siste gong det skal maskiner inn i hagen! Bank i bordet!

Her er den etterlengta buda mi. Får vel aldri nok lagringsplass?? Så dette blir nok flittig brukt! :) Ellers blir her god plass til både platting og trampolina . Viser ikkje så godt på bilda, men det var så surt å kaldt ute no at eg berre knipsa nokre bilder, så det blir dette eg får vist fram i denne omgong. Kjem nok meir etterkvart.
Inn blant stein, sand, murstein og rot står ein og anna blome å gler seg til sola og varmen som er bestilt til helga.. Ja, forresten eg og!

onsdag 17. juni 2009

Litt nytt..

Det har ikkje blitt så mykje blogging på meg i det siste. Og det av fleire grunnar... Har tatt lite bilder i det siste, har holdt på å lage fototalbum, Hallvard haaaaaatar at eg sitt med dataen, lite data tid eigentleg.. Men hovudgrunnen er at når eg sitt med dataen er det andre ting eg jobbar med for tida.
Eg har faktisk ikkje skreve om det her på bloggen min før, og det ganske bevist... vil at bloggen skal handle om "meg og mine", men om eg først byrjar å skrive om det eg har valgt å ikkje skrive om, klarar eg ikkje å slutte.. for det er i tankane stort sett heeeilie døgnet. Og då hadde ikkje bloggen min vore solveigland lenger.


Uansett.. no skal eg alikevel skrive litt om det.
For ei stund tilbake skreiv eg i eit innlegg at eg hadde sagt opp jobben min og hadde store planar. På det stadiet var det meste ganske usikkert. Men no etter mange månadar meg mykje jobbing er vi snart i mål.
Eg skal starte butikk!! Ny butikk!! Eller... ikkje berre eg, vi er to om dette. Utruleg greit å være to når viktige besluttningar skal takast og vanskelege valg skal takast, og ikkje minst å ha forskellige erfaringar.
Vi skal selge barnekle, utstyr og leiker her i Volda. Vil du vite meir om butikken vår og framdrifta, har vi ein blogg på gong der du kan få eit lite innblikk i prosessen.. :) Speeeennande! Så følg med folkens! Det blir så bra!! :) Skal legge ut link etterkvart som vi har den oppe og går..


Så ei lita oppdattering.. Adele er super flink truse jente!! Det var nesten for enkelt!? Ho bestemte seg sjølv, ordnar alt sjølv.. det har ikkje vpre pes i det heile tatt! No er ho 100% bleiefri!! Både dag og natt.. Flinkisen min!
Hallvard har blitt ein reser å gå no.. eller gå??? Han spring! Veit ikkje kor mange gongar han har komt springande bak meg og eg er sikker på at det er Adele som er der etter lyden av stega.. men neida, der er han! ;) Men han er max uheldig.. tøff som toget! Og då endar det med mange blåkular og kutt i panna.. stakkaren.. men men, han lærer vel av det!?

No skal eg slutte.. Må berre få avslutte med å sei at vi var på ein koseleg sommarfest i barnehagen i kveld! Grilling, kaker og leik.. kjekt! :)

fredag 12. juni 2009

Det enkle er ofte det beste

Hallvard har begynt å ete middag sjølv. Ja, det er eit gris..! men det må lærast ein gong.
Ikkje så lett.. Godt å ha ei god og lubben hand til hjelp med sleipe makaroniar..
Idag hadde vi pasta di parma med skinke til middag. Det BESTE Adele veit! Eg har for lengst funne ut at dei enklaste middagane, er dei mest populære. Så kvifor bruke lang tid på avanserte saker?? Sjå berre korleis Adele gafflar på! Ellers må eg berre få sei at Adele er så prima for tida.. Ho pratat heeeeeeeeile tida, om laust og fast. Men ikkje nok med det, ho er blitt veldig høfleg og "snakker så pent". Det tok lang tid før ho byrja å sjå på TV, slikt hadde ho ikkje tid til. Men no kan ho sitte heilt oppslukt i Mikkemus Klubbhus o.l. Og det høyrer vi igjen i språket.
I går sølte eg litt melk medan vi laga middag og ho kom springande: "Hva sjedde mamma?". Og når ho var ferdig med å hjelpe meg å lage middag, takka eg for hjelpa og ho svarte:
-"Bare hyggeli".. og sendte meg eit lurt glis!

God helg!

tirsdag 9. juni 2009

Bilder frå verandaen

Tenkte eg skulle vise litt bilder frå verandaen vår på ein ellers grå tirsdag.. Har endeleg fått planta litt. Kjem nok meir etterkvart.
Her er det blå lobelia i den minste krukka, og pasjonsblomst og sølvblad (eller noko liknande..) eg har planta. Lite blomster for øyeblikket, men blir nok mykje mykje meir!
Om ein ser godt på verandadøra står der: "Home is where the heart is".. :) Ja, eg er framleis ikkje lei av tekst-klistermerka mine, så dei heng oppe enda!

No trur eg at eg skal sette ei bolledeig. Må finne på noko kos inne medan vi ventar på sommaren!


fredag 5. juni 2009

Sirkus Rangsæter

Besta var på besøk hos oss idag. Det var besteforeldre-cafe i barnehagen idag, men sidan Adele var litt pjusk igår var vi ikkje heilt sikkre på om ho burde halde seg heime. Men besta tok seg ein tur alikevel, og det vart både barnehage-cafe og "sirkus" på verandaen når dei kom igjen..Lese avisa i fred?? Neeeheeei..! Så skal forsjellige øvelsar testast..Hallvard måtte og få prøve.Så er dei i gong.. Klart besta og må få prøve å sitte på høgenhest!?.. Ho flira (ja, vi andre og..) så ho nesten tissa seg ut!

Og til slutt.. tre generasjonar i "Sirkus Rangsæter"!

Besta meinte at eigentleg burde ho stå nederst etter alder å døme.. Glad dei IKKJE testa ut det.. ;)

torsdag 4. juni 2009

"Happi bustdai mamma"

Igår hadde eg tidenes kaldaste bursdag!! Så langt som eg kan huske tilbake i tid og bilder frå barneselkap, har det alltid vore fint vær, sol og sommar.. Men ikkje i år! Det var 7 grader når eg leverte Adele i barnehagen kl 10 i går?! Brrr.. Både hagla og sludda gjorde det i går kveld.
Men uansett.. eg hadde ein koseleg bursdag. Starta dagen med at Adele kom hoppande opp i senga som vanleg, og formidla at "Adele e våken, Hallal e våken.. mamma e du våken?".. Så kraup ho som ho alltid brukar under dyna når ho finn at at eg ikkje er våken (som vanleg..). Etter ei stund spørr eg om ho veit kven som har bursdag idag.
-Hallal?
Nei, svarar eg..
-Adele? (med eit stort forventningsfullt smil..)
Nei, mamma har bursdag idag, fortel eg.
-Åja!! Ska ej synge til dej? Happi bustdai mamma, happy bustdai mamma, happy bustdai maaammaaa.. trallar ho i veg..
Og når ho er ferdig å synge sei ho:
-Ej ska lage kl(r)one til dej mamma.. men fyst må vi ete flukost..
Ho er så nyyyydeleg lisje skatten min!! Kunne eg fått ein bedre start på 25 års dagen min???
Ellers gjekk dagen som vanleg. Frank er på jobb igjen etter pappa-perm. Så han er vekk i vekene. Men hadde besøk av både litt slekt og venniner i løpet av kvelden. Fekk både kake, godis, koselege kort, blomster og pakkar.. Så hadde ein super koseleg dag!
Må berre nytte høve til å takke for helsingar på telefonen, melding og på facebook! Er fortsatt heilt overvelda! Trur ikkje det var nokon som gløymde meg i går.. Ære være facebook! ;)
Ellers ser det ut som vi ikkje er heilt ferdig med denne magesjuka til Hallvard. Men no er det Adele sin tur.. Aaarrrg! Men men.. Vi får sjå korleis det går i natt.
Ha ein fortsatt strålande kveld! Tenn lys, fyr i peisen og kos dokke inne!
PS! Eg må berre få spørr.. det er litt flaut.. men eg klarar ikkje å koble! Du som legg igjen så koselege kommentarar "RS", kan ikkje du sende meg ein mail så eg veit kven du er?.. Litt fjams ja.. men klarar ikkje å koble.. solhanes@hotmail.com
Hadde vore så kjekt å vite kven du er.. :)

tirsdag 2. juni 2009

Albania

No er vi vel heime igjen. Kom igjen laurdag ettermiddag, men ettersom det var full sommar her i Volda, vart ikkje datatid prioritert.
Var ikkje lenge varmen skulle vare. No haglar det og regnet piskar på rute. Gradestokken viser 10 grader..!? Brr...
Men vi har iallefall hatt mykje sol og varme i Albania medan vi var der! Hadde ei fantastisk veke tross at ungane fekk ei magesjuke. Her er vi på Corfu. Overnatta der ei natt, ettersom der ikkje er flyplass i Albania (!?), og båten som vi skulle ta over ikkje gjekk så seint på kvelden. Men det gjekk heilt greit. Den vesle jenta til venninda mi byrja å spy allerede på Gardermoen. Så her har ho godt med feber og ganske groggy etter ei natt i ca 50 grader.. Men Hallvard er på topp. Skulle IKKJE sove på flyet, var fullt opptatt med å sjarmere do-køa. Men han sovna på fanget på bussen til hotellet i 11 tida.Veka raste fort når vi var komt til Albania. Det gjekk i bading, pizza, bleieskift, klesvask, turar til sentrum der vi fekk shoppa, soving, pizza igjen! (dei hadde fantastisk god pizza der, og den kosta heile kroner 3,50.. ja i norske kroner altså!). Og elllers mykje god venninde prat.. Ungane fant kvarandre med ein gong, koste seg skikkeleg sjølv om dei var litt pjuskne. Det var strålande sol heile veka, og temp låg rundt 27 grader.. Akkuratt passeleg! Her er noko av utsikta frå terrasen. På siste bildet er det Corfu ein ser. Panorama utsikt utover havet og stranda.. Nydeleg! Leiligheta var 1.klasses! Det var redninga ettersom ungane var sjuke. Skulle vi budd på eit lite hotellrom hadde ferien lett blitt ein fjasko.. Men nei, det vart den ikkje! Så herleg å berre kunne ta heisa ned og tasse seg rundt blokka så var ein på stranda.Hallvard storkosa seg på stranda. Jus, is og alt anna eg klarte å få i han av veske fekk han. Første dagane slurpa han i seg alt han fekk. Men etterkvart som magesjuka sneik seg innpå han, var det ikkje noko eg klarte å lure i han siste dagane. Matlysta ver heilt på botn.. Men han var alikevel stortsett blid og fornøgd. Sov mykje dagane. Når veka nærma seg slutten var savnet stort etter god jenta mi heime og Frank. Dei møtte oss på flyplassen og eg fekk den lengste, hardaste, godaste klemmen som tenkast kan av Adele... Ååå.. det var så godt! Godt og ha vore savna og godt og savne..
Heime var huset gullande reint og ryddig. Og Frank hadde til og med fått beisa terrassen! Der overraska han meg og valgte ein lekker grå-farge faktisk. Ikkje heilt tradisjonel. Men eg likte den veldig godt! Flinke Frank.. ;)
Eg syntest Adele hadde blitt så stor medan eg hadde vore vekk. Ikkje nok med det, ho kasta likså godt bleia når eg kom heim. Var ikkje heilt klar for det. Så måtte leite fram det eg hadde av kjole-truser.. Så idag er ho altså på dag 4 utan bleie!! Og det utan nokon uhell så langt! Flink??
Har vore på butikken og kjøpt ein haug med truser idag, så no er vi heilt klar!
Spent på fortsettelsen der!
No skal eg slutte og slenge meg på sofaen og sjå TV resten av kvelden..
KLEM