søndag 11. januar 2009

Fredeleg søndag

Idag har vi hatt ein fredeleg dag. Nokon vil vel kanskje kalle det ein sløv dag.. men ein treng det av og til. Og idag har alt gått i sakte tempo her. Starta dagen, (eller ikkje starta) dagen før halv 12!! Det er lenge sidan mor i huset har sove så lenge ja! Frank var så kjekk å stå opp med ungane så.. ;) Adele var ikkje på topp idag. Var varm og klamm, ville helst ikkje ha på seg noko og ville helst sitte på fang idag. Men ho fjasa litt rundt og teikna ei stund. Når kvelden kom, kom og feberen sigande.. Håpar det ikkje er noko langvarigt. Kan vær både tenner eller anna småtteri som blaga henne idag. For vi har ei veke med mykje som skal skje. Ho har bursdag på laurdag, så vi skal feire henne. Og i tilegg skal vi i bryllup i helga.. Så håpar vi slepp disse sjukene som går!




Men Hallvard var i stor form idag! Er så blid og artig nå! Vanlegvis er det Adele som er min faste asistent når eg lagar middag, men sidan ho helst ville sitte på pappas fang, kom Frank med den "geniale" ideen som de ser på bildet. Han meinte att her satt han trygt, og så mista han ikkje leikene sine på golvet.. hehe.. Han stooorkosa seg opp i der! Og spesielt når han fekk gnage litt på grønsaksposen.

Håpar på vesentleg bedre vær i neste veke! No er det så grått og trist at ikkje det fristar å sette foten utfor dør! Og at vi held oss friske!
Ha ei fin veke folkens!
Klem :)

3 kommentarer:

Livets landeveg sa...

hehe, søte Hallvard e :) va ikkje en dom idè ditta nei,smart!

Anna Lisa`s hjerteblogg sa...

Godt med ein sløv dag. Vi har hatt ei kosehelg og tatt livet med ro. for på søndagsbesøk til venner med unga på samme alder som dei to minnste her og kosa oss med god mat ellers. Vart bare ein trilletur grunna dårleg vær.Håpa dokke slepp sjukdom ja. Dokke fekk ein stor nok dose før jul tenker eg. Hallvard er så sjønn!! Artig bilde:)
Ha ein fin mandag og forhåpentligvis friske mandag.
Klem

Anonym sa...

Herlige kar i leikekassa der ja. No he ej begynt på lest nr to til han.. han kan sikkert bruke dei til han blir fire..

Ha ei fin veke:)
Klem Hanne Marta