fredag 2. januar 2009

Vinterleik

Idag kledde vi oss godt, og gjekk ut for å leike oss i snøen. Det var førsteklasses vintervær! Vi storkosa oss! Både eg, Adele og Hallvard. Jammen er det kjekt med vinterleik!
Her er Hallvard GODT nedepakka så han ikkje skulle fryse. Han følgde med og syns det var spennande. Så kjekt å få sitte i vogna å kike, i staden for å ligge og ikkje sjå noko.. :) Han var utruleg tolmodig etter mange timar ute!

Nye ski! Ein ny opplevelse for Adele. Men ho tok det bra! Og ho syns det var kjempe morsomt! Flira og flira.. :) Både ho og eg. Ikkje noko som er så smittsomt som hjarteleg barnelatter.. :)

"Lunch-pause" og ein pust i bakken.. Godt med snø ja!

Men fortsatt er det kjekkast med akebrett! "fojt mamma.. fojt!"


Hallvard og måtte få prøve akebrettet ei stund.

.. så då leita Adele fram 4hjulingen sin som ho fekk til jul. Men den drog heller dårleg på glatt føre.

Fant ein rattkjelke som "storegutane" hadde lagt igjen i garasja vår. Den måtte vi teste. Og eg seier berre ein ting. Ein slik ønskar vi oss! Kjempe kjekkt å renne! :) Håpar på mange fine vintervær-dagar!

God helg! ...ja, det er faktisk helg igjen allerede! :)

1 kommentar:

Anna Lisa`s hjerteblogg sa...

Artig dokke har hatt det :)
I morgå skal vi ut i snøen. Garantert :) På søndag er vår årlige juleavsluttning med juletrefest på samfunnshuset. Så er kvardagen på plass igjen. I dag var det moatur i samme slengen som min elste jente måtte en tur på aase på kontroll. Ingen storhandel på meg, ein maskara og hårpyntedingser frå Glitter...hehe.. er bare lei butikker etter julehandelen tenker eg:)
Ønska deg ei fin helg
Klem