tirsdag 28. april 2009

Kille kille..

video

Okey.. her kjem min første video-snutt på bloggen. Måtte berre teste korleis det virka.. Gjekk fantastisk seint å leste ned, men den vart til slutt ferdig. Så.. GOD FORNØYELSE!

Stolt mamma..

Grunna dette fine været som vi har utnytta oss av dei siste dagane blir det lite tid inne, og då lite blogging. Har eigentleg ikkje tida til å sitte her å trykke no heller.. Men eg må berre få skryte av Hallvard. Søndag tok Hallvard sine første små skritt!! På dagen 10mnd gammal. Flinkisen min... Ja, som mor er vel lite som kan gjere meg meir stolt! Skal ikkje sei at han går, men han prøvar heile tida. Maks 2-3 steg før han dett på stumpen. Men han lærer nok å blir meir stødig for kvar dag. No er han så utolmodig og gira heile tida, at han rekk ikkje finne balansen skikkeleg før han har sett seg ut eit nytt mål. No ventar vi på at mormor skal kome på besøk, og at skodda skal lette. Ja, eg er opptimistisk og trur det blir sol idag og..
Ha ein fin dag!
PS! Barnerommet oppe er no så godt som ferdig. Ferdig å måle, nytt golv er på plass og nye lister er straks på plass. Blei ganske bra. Skal skrive meir om det ein anna dag. Må få tatt litt bilder først..;) No har eg ikkje tid..

torsdag 23. april 2009

Heldig


Treng vel ikkje legg til så mykje tekst. Vi hadde ein strålande formiddag på Ose-stranda i Ørsta, med niste, bøtter og spadar kosa vi oss skikkeleg!
Eg er heldig.. veldig heldig og lykkeleg!

onsdag 22. april 2009

På tide..

"Boske-roske-trollet" mitt trengte seg ein klipp! Det var verkeleg på tide. Eg har hatt så lyst at ho skal ha langt, krølla, fint hår! Langt var det, men verken ein krøll eller fint var det. Ho har så stritt, glatt og tynt hår at det var ikkje anna å gjer enn å bestille ein time. Eg klipper ein del sjølv, men trengte litt assistanse her..
Så då vart det Ørsta tur på oss jentene. Og Hallvard.. er jo ein av oss jentene han og. Eller.. nei.. Men han likar iallefall å bli me oss jentene. Var bort med Evy på "Innsel Studio". Ho er så flink!! Dyktig er ho faktisk..

Og med "Mekke Mikkel" på DVD og ei boks med rosiner gjekk dette over all forventning! Ho satt så fint så. Når Evy var ferdig lurte ho faktisk på om ikkje ho kunne klippe litt til.. Så gruar meg ikkje til å gjenta dette!

Eg og Hallvard fylgjer med.. Ei stund til Hallvard treng klipp. Ikkje så mykje hår å skryte av på det hovudet. Men det kjem nok etterkvart!

Straks ferdig! Litt føning må til.
Sjå store jenta mi.. kan ikkje kalle ho for "boske-roske" mitt lenger..
Når vi var ferdig vart Evy med oss på cafe. Og då vart det både vaffler, smørbrød, kake og kos. Masse kos! Kjekt å være på Ørsta-tur med Evy!

søndag 19. april 2009

Huska du mej??

Det har denne helga stått mykje på plakaten her i solveigland. Så då blir det lite tid til blogging.. Høgdepunktet må vær det nydelege været vi har blitt tildelt denne helga! Det er berre fantastisk! Kameraet har eg lagt igjen inne saman med alt rot, husarbeid og anna inne-sysler (som data og TV-tid..).. Men eg knipsa nokre bilder idag formiddag..
Nabo hunden vår Wilma var ein tur ned på leikeplassen idag til borna si store glede! Adele fekk til og med går tur med henne heilt åleine.. Stor glede for ei lita jente!

Hallvard blir aldri lei ute i sanden. Han kan sitte i fleire timar uten å klage i det heile tatt! Skikkeli ute-gut er han! Klagar kunn når han må inn...

Mange var ute å koste seg i fineværet. Og kjekt der det når dei tek seg ein tur bortom oss.. Her er nabojenta ute og leikar med Hallvard.
Adele sitt sjølvportrett..


Fredag var vi i barnesleskap til søskenbarnet til ungane som vart tre år. Kjempe kjekt! Mamma/mormor var der også, og etter avtale skulle ungane bli med henne heim etterpå, medan eg og Frank skulle tilbake til Volda. Vi hadde fått oss billettar til Postgiro Bygget (som forresten var knakande kjekt!!!!). Adele har våre på Rovde mange gongar åleine. Men vesle Hallvard min, har ikkje sove vekk frå meg før. Så hønemor var passe spent!
Men det gjekk kjempefint, vi fekk ein kjempe koseleg "frikveld"saman med mykje gode vener! I tillegg til at vi fekk sove lenge.. Thanks mum!! Og ungane storkoste meg.. gjekk så fint!!

Så når eg kom og skulle hente dei på laurdag vart Hallvard kjempe glad (heldigvis!!..), medan Adele berre sa hei, før ho sprang vidare etter onkel "Tovald". Men når vi litt seinare satt og spiste middag ser Adele på meg og seier
-Hei mamma.. Huska du mej? Ej heite Adele.
Måtte flire litt då ja.. ;)

Frank har skrua på ein russebil idag og igår. Så har ikkje sett så mykje til han. Men når han kom heim i dag, fekk vi starta på grill sesongen 2009! Mmm.. blir nok ikkje lenge til det er varme på grillen igjen om dette flotte været skal halde fram!


tirsdag 14. april 2009

Kan det bli bedre??..

Hei hei! Jammen er det blitt vår folkens! Ikkje berre vår.. nesten sommar i Volda idag! Har kosa oss heeeeile dagen.. Sjå berre oss luringane.. Adele har ordna til solbrillene mine.. Må sjå fin ut på bilde syns ho.. hehe..Her oppheld vi oss mesteparten av dagen. På leikeplassen i gata vår, ettersom hagen vår fortsatt er under arbeid.. Men det er jo supert å være der! Kosa oss med besøk idag, is og milkshake med banan og sjokladesmak frå Naustet.. mmmm...
Tek meg ein liten siesta i sklia.. Sola varma så eg kjente det godt i kinna idag! Kan det bli bedre??

Ute jenta mi.. Deilig å sleppe dress, støvlar og tjukke vinterhuer! Og det beste er at det er meldt like fint vær heile veka! Ååå.. som vi skal kose oss!

Nesten så eg syns Hallvard har fått litt farge i kinna idag og. Her pussar han tenner før han skulle i seng.. Han er så blid og god!!
Håpar de er ute og kosar dokke i fineværet de som har sjans til det..
Ha ein fin kveld.
Eg skal legge meg på sofaen å sjå TV til eg skal i seng no.. Og eg skal prøve å ikkje ete sjokolade i kveld.. Har blitt vel nok av det denne påska.. ;)

lørdag 11. april 2009

Det er påskeaftan. Huset er pynta til påske. Dei fleste har påskeferie. Men det er alikevel ikkje påske. Eller.. påske er det. Men eg klarar ikkje å finne påskefreden i år.
Frank er heldigvis komt heim frå sjukehuset no, og er på bedringens vei! I tillegg til lungebetendelsen fekk han blodforgiftning. Så det vart eit litt lenger opphald på sjukehuset enn først venta. Men han er bedre og bedre for kvar dag! Kjekt å ha han heime hos oss igjen!
Denne påska har for meg vårte påska med tid for ettertanke. Eg har tenkt og tenkt.. Heldigvis har eg mine to gode, søte skattar som oppheld meg og mine tankar mesteparten av dagen. Men med ein gong eg har eit lite pusterom går mine tankar til alle som har det så vondt rundt oss no...
Livet er så sjørt og brutalt.. men uansett så må livet gå vidare. Når ein får slike tragiske ting på ein slik liten plass som eg bur på, blir det så verkeleg. Så intenst.. Trur det er viktig og fokusere på det positive i livet i slike stunder, uansett kor vanskeleg det enn måtte vær. Huske å være takksame for dei små, kvardagslege gledene.
Sjølv om denne påska har vore spesiell for oss, har eg fått tid til å være saman både med familie og venner. Og glad er eg for det.. I morgon reiser vi til Rovde ein tur. Det gler vi oss alle til..
Vil ynskje alle ei fortsatt god påske..

onsdag 8. april 2009

Livet er sjørt som ei såpeboble

Det er tunge, triste dagar i bygda vår..
I går skjedde det utenkjelege... Tre stykk vart drept i ei bilulykke..


Ein ven/son/ bror/ barnebarn/ kollega og ung pappa er ikkje meir. Ei ung mor/ venninde/ dotter/ barnebarn/ kollega og søster er ikkje meir.. Deira vesle, sjønne son er også borte. Korleis skal ein ta innover seg noko slikt!?


Korleis skal ein innfinne seg med dette og sei det er greit?!


Eg klarar ikkje å beskrive følelsane som rasar igjennom kroppen.. Eg er sint, syns det er urettferdig... men mest av alt veldig, veldig trist.. Klarar ikkje å tru at det er sant. Det er så meiningslaust. Ei lita familie har blitt revne vekk..

Eg føler meg egoistisk. Tenk kor heldig eg eigentleg er.. Ein ser livet i eit anna perspektiv etter dette.. Husk å sette pris på kvar dag ein har, og dei ein er glad i.. Livet er så sjørt. Sjørt som ei såpeboble...


Igjen sitt familie og venner. Alle mine tankar er hjå dykk no.. Medkjensla kan ikkje beskrivast..
Kvil i fred Anette, Bjørn Ove og vesle, sjønne Johannes..
Minna vil alltid leve..

søndag 5. april 2009

Ikkje som vi hadde tenkt..

Fredag sov ungane for ein gongs skyld lenge (det vil seie lenger enn til 7..) Eg vokna av at Frank låg og kava og oja seg.. eg hysja på han..
-Kva, mykje gale eller?? Skal eg ringe etter ambulanse eller?.. sa eg surt. Tenkte at du måtte nå vere måte på når eg endeleg skulle få sove meg litt frampå at han skulle makke slik.
-Ja, trur faktisk du må gjere, svara han..
-Hæ?? Tullar du?..
-Nei Solveig, eg får verken puste eller klarar å bevege meg.
Først våknar eg skikkeleg. Forstår at dette ikkje er noko vanleg kink i ryggen eller noko.. Eg ringer legevakta, men dei er lite behjelpeligge.. Så eg gjer som eg får beskjed om: Han får litt smertestillande så han klarar å slappe av. Det neste døgnet søv han. Søv og søv.. og når han prøvar å bevege seg ut av senga hostar han til han spyr. Kaldsvettar og dett vekk.Men han vil IKKJE til lege.. han meinte han ikkje hadde sjans å kome seg nokon plass. Så eg prøvar alt eg kan. Lørdag får han ikkje bestemme sjølv lenger, då ringer eg lege og får ein kamerat til å følgje han ned. Der konstanterar legen at han ikkje er frisk iallefall. CRP-en var over 300, og han vart innlagt med ein gong. Etter maaaaange prøver og røngten er diagnosa: Kraftig dobbelsidig lungebetendelse... Han ligg på intensiven endå, men trur han blir flytta opp på medisinsk avd etterkvart.
Uff.. stakkarsen Franken vår.. Håpar han snart kjem heim til oss igjen, frisk og rask.. :) Denne påska blir ikkje som vi hadde tenkt iallefall. Men det viktigaste er at han blir frisk og får den medisinen han treng! :)

fredag 3. april 2009

Helg igjen..

Ja, så er det jammen helg igjen! Vekene går så alt, alt for fort.. Syns det nettopp var helg. Har ikkje lagt ut bilder frå forige helg enda ein gong. Jaja.. sitt no her og ser på "Norske Talenter" på TV2 med ei halv auge, medan eg sitt her å trykkjer, så då kan eg jo legge ut litt bilder frå forige laurdag samtidig.Frank jobba i hagen til ungane si store glede! Så var ute stort sett heile dagen.. så då vart det som vanleg tatt ein god del bilder. Været var også forige helg supert! Om ein ser vekk frå snøven og kulda, så var det sol inni mellom i allefall..Gravemaskin er stas! Veldig stas!! Også Hallvard har byrja å vise entusiasme for dette.. :)Adele handterar spakane som ho har sett pappa har gjort og gir gjerne bror "Hallal" eit kurs..
Så med dette siste bildet vil eg ynskje alle som er innom ei GOD HELG!! Og leit fram solbrillene... satsar på at det blir like strålande vær i morgon som det har våre idag! :) Både eg og ungane har faktisk blitt solbrent idag!?.. Kjenner eg er varm i kinna.. Herleg!


torsdag 2. april 2009

Male, male, male...

Iallefall i kveld.. men nei, eg er ikkje ferdig! Har hatt meg ei lang pause (iallefall nokre dagar..) frå malinga. Har vore sliten etter lange dagar som dagmamma. Men i kveld fekk eg endeleg mala første strøket på vinduskarmane (noko eg ikkje såg fram til.. eit pirk!!!),så no er eg i gong igjen. Er egentlig veldig klar for senga, men sidan eg lovte at eg skulle blogge idag, kjem her eit lite innlegg. Tenkte eg skulle vise kommoden eg har mala. Syns resultatet vart bra. Iallfall fornya.. Slik såg den ut før eg byrja. Kjedeleg og ganske stygg egentlig..
Og her kjem etter bildet. Stilig??
Nye knottar var eit must! Dei gamle gjekk rett i søppla, tru meg!
Det var det det vart idag.. skal rett i seng! Kanskje eg våknar frisk og utkvilt (etter kl 6.. som er tida Hallvard likar å stå opp for tida.. kryssar fingrane for at eg skal klare å snu han så han klokka nærmar seg 8..) og får gjort mykje i morgon! Har som vanleg alt for mykje som burde gjerast i morgon og.. Vaske, rydde, vaske, rydde.. og male.. Som vanleg! Forstår ikkje korleis folk rekk å gå på jobb..!?

onsdag 1. april 2009

Hei du..

I morgon skal eg blogge.. men ikkje idag!
God natt!!