onsdag 8. april 2009

Livet er sjørt som ei såpeboble

Det er tunge, triste dagar i bygda vår..
I går skjedde det utenkjelege... Tre stykk vart drept i ei bilulykke..


Ein ven/son/ bror/ barnebarn/ kollega og ung pappa er ikkje meir. Ei ung mor/ venninde/ dotter/ barnebarn/ kollega og søster er ikkje meir.. Deira vesle, sjønne son er også borte. Korleis skal ein ta innover seg noko slikt!?


Korleis skal ein innfinne seg med dette og sei det er greit?!


Eg klarar ikkje å beskrive følelsane som rasar igjennom kroppen.. Eg er sint, syns det er urettferdig... men mest av alt veldig, veldig trist.. Klarar ikkje å tru at det er sant. Det er så meiningslaust. Ei lita familie har blitt revne vekk..

Eg føler meg egoistisk. Tenk kor heldig eg eigentleg er.. Ein ser livet i eit anna perspektiv etter dette.. Husk å sette pris på kvar dag ein har, og dei ein er glad i.. Livet er så sjørt. Sjørt som ei såpeboble...


Igjen sitt familie og venner. Alle mine tankar er hjå dykk no.. Medkjensla kan ikkje beskrivast..
Kvil i fred Anette, Bjørn Ove og vesle, sjønne Johannes..
Minna vil alltid leve..

2 kommentarer:

Annika sa...

Ord blir så utruleg fattige - nærast meiningslause... Det er så grusomt. Det har vore så altfor mange fæle hendingar her på søre dei siste månadane no...

Tankane mine går til dei pårørande, og alle som har mista ein kjær venn/venninne og solstråle. Forstår dokke sikkert kjente dei?

Det er så urettferdig, og det er ikkje noko rart du blir sint. Ei bølge av "alle" kjensler vil nok rase i kroppen framover...

Håper likevel dokke får ei påske som er fullt av mykje omtanke og fellesskap. Det er godt å tenke på dei gode minna...

God klem til deg og dine!

PS. Kjekt å ha "plassert" kvarandre;)

Anonym sa...

Hadde Anette en blogg?