onsdag 22. april 2009

På tide..

"Boske-roske-trollet" mitt trengte seg ein klipp! Det var verkeleg på tide. Eg har hatt så lyst at ho skal ha langt, krølla, fint hår! Langt var det, men verken ein krøll eller fint var det. Ho har så stritt, glatt og tynt hår at det var ikkje anna å gjer enn å bestille ein time. Eg klipper ein del sjølv, men trengte litt assistanse her..
Så då vart det Ørsta tur på oss jentene. Og Hallvard.. er jo ein av oss jentene han og. Eller.. nei.. Men han likar iallefall å bli me oss jentene. Var bort med Evy på "Innsel Studio". Ho er så flink!! Dyktig er ho faktisk..

Og med "Mekke Mikkel" på DVD og ei boks med rosiner gjekk dette over all forventning! Ho satt så fint så. Når Evy var ferdig lurte ho faktisk på om ikkje ho kunne klippe litt til.. Så gruar meg ikkje til å gjenta dette!

Eg og Hallvard fylgjer med.. Ei stund til Hallvard treng klipp. Ikkje så mykje hår å skryte av på det hovudet. Men det kjem nok etterkvart!

Straks ferdig! Litt føning må til.
Sjå store jenta mi.. kan ikkje kalle ho for "boske-roske" mitt lenger..
Når vi var ferdig vart Evy med oss på cafe. Og då vart det både vaffler, smørbrød, kake og kos. Masse kos! Kjekt å være på Ørsta-tur med Evy!

Ingen kommentarer: