søndag 5. april 2009

Ikkje som vi hadde tenkt..

Fredag sov ungane for ein gongs skyld lenge (det vil seie lenger enn til 7..) Eg vokna av at Frank låg og kava og oja seg.. eg hysja på han..
-Kva, mykje gale eller?? Skal eg ringe etter ambulanse eller?.. sa eg surt. Tenkte at du måtte nå vere måte på når eg endeleg skulle få sove meg litt frampå at han skulle makke slik.
-Ja, trur faktisk du må gjere, svara han..
-Hæ?? Tullar du?..
-Nei Solveig, eg får verken puste eller klarar å bevege meg.
Først våknar eg skikkeleg. Forstår at dette ikkje er noko vanleg kink i ryggen eller noko.. Eg ringer legevakta, men dei er lite behjelpeligge.. Så eg gjer som eg får beskjed om: Han får litt smertestillande så han klarar å slappe av. Det neste døgnet søv han. Søv og søv.. og når han prøvar å bevege seg ut av senga hostar han til han spyr. Kaldsvettar og dett vekk.Men han vil IKKJE til lege.. han meinte han ikkje hadde sjans å kome seg nokon plass. Så eg prøvar alt eg kan. Lørdag får han ikkje bestemme sjølv lenger, då ringer eg lege og får ein kamerat til å følgje han ned. Der konstanterar legen at han ikkje er frisk iallefall. CRP-en var over 300, og han vart innlagt med ein gong. Etter maaaaange prøver og røngten er diagnosa: Kraftig dobbelsidig lungebetendelse... Han ligg på intensiven endå, men trur han blir flytta opp på medisinsk avd etterkvart.
Uff.. stakkarsen Franken vår.. Håpar han snart kjem heim til oss igjen, frisk og rask.. :) Denne påska blir ikkje som vi hadde tenkt iallefall. Men det viktigaste er at han blir frisk og får den medisinen han treng! :)

5 kommentarer:

Annika sa...

Nei, offa mej, kor trasi! Men godt han kom sej på sjukhuset iallfall, og får medisin no. Du får overbringe god bedring frå blogglesarane dine, kanskje det hjelp litt på!

Håper dokke får ei fin påske likevel, sjølv om den blir litt annleis!

Livets landeveg sa...

stakkars Frank! Må helse nå god bedring frå oss! :)

Ingrid sa...

Håpe han kjeme sej fort til igjen, dokke he vore nok sjuke i år... :) God påske til alle fire!

Forresten, ej sa hade til gjengen når ej skulle gå frå jobb i går, men då va der ei so sette ned foten. "nei ingi, itte faje no!" Sooo koselig! :)

Anna Lisa`s hjerteblogg sa...

Nei huff!!! Kor grusomt!!!
Håpa han blir fort frisk att!!!
God betring
Klem

Ann Kristin sa...

Herregud, no må det snart verte slutt på elendigheit for dokke !!!
Håpar han kjem seg raskt til igjen, og at de NO er ferdige med sjukdom for mange år framover...
Ynskjer dokke ei så god påske som de kan få :)
Hels Frank frå Kjell og meg, og sei GOD BETRING !!!

Klem frå Ann Kristin