fredag 9. januar 2009

Besta på besøk


Medan eg og Adele laga middag idag fekk vi oss ein hyggeleg overraskelse. Besta kom på besøk! Adele vart så glad at ho nesten datt ned frå stolen ho sto på.. Det er så stas me besta.. :)


Leik og kos blir det alltid når ho kjem.


Og veldi mykje MORO!! Utruleg kor kjekt ein kan ha det med ein kles-stamp! Det blir alltid mykje liv og full fart når besta er her. Til Adele si store begeistring!



Like svette og oppkava begge to! Hærleg! ;)

Bror måtte og få være med på moroa! :)

Og han forsto fort at her var det berre og knipe seg fast! :) Dette var kjekt!

Begge sovna på eit blunk i kveld etter kveldsbadet. Det er så kjekt når besta kjem og lagar liv her! :) Må kome og leike oftare besta! :)

Ellers må eg berre vise fram det søte serviset som Hallvard fekk i (litt forsenka) dåpsgåva av nokre gode venner av oss som var oppom oss her ein kveld. Tuuusen takk! :) Legg merke til den kuuuule matboks-kofferten! :)


Ha ei god helg!!

Klem

1 kommentar:

Anna Lisa sa...

Å så koselig det er når ei så sprek og kjekk besta kjem og lagar liv og røre:) Dei er heldige!!

Flott servise med matboks han har fått. Dette har han glede av lenge.

Kjik innom bloggen min du, har endelig fått meg dei nye kjøkkengardinane eg bestillte frå Ellos, og ble så ivrig at det blei eit nytt innlegg om dei :) Vart fornøyd iallefall.
Ha ei koselig helg
Klem