mandag 5. januar 2009

Kvardag

Idag kom kvardagen og banka oss i hovudet! Slutt på late dagar og ferie.. Dagen starta med at eg sette meg opp i senga, merka at Hallvard, som har vore så flink å sove i eiga seng lenge no, låg midt i senga og kosa seg. Jaja.. men så slo det meg. Klokka er over 8, Frank ligg her endå, er det ikkje mandag? Så eg vekkjer Frank og han sprett opp. Forsove seg første dag på jobb etter ferien.. Jaja.. Han kom seg avgårde. Så sovna eg og Hallvard igjen, før vi fant ut at Adele skulle jo i barnehagen idag. Ho har vorte ein skikkeli "sju-sovar" i ferien (til våra store glede..) så eg måtte vekke ho så vi rakk dit før 10. Etter å stressa rundt for å finne fram alt barnehage-utstyret vi skulle ha hatt klar (helst kvelden før..) var vi omsider snart klar for å kome oss ut dørene. Åpnar sekken hennar, finn barnehage-rekninga som skulle vore betalt før nyttår. Jaja.. vi har verkeleg hatt ferie her i solveigland iallefall.. Men no er det slutt! Inn med gode, faste rutiner igjen..
Så, når eg var heime igjen, pakka eg ned all jula vår.. Like overraska kvart år over kor mørkt og trist alt det fine vi har gjort i stand til jul blir 1.nyttårsdag! Og slik blei det i år som alle andre år.. Så det var godt å få opp lyse gardiner og andre fargar!
Legg ut litt bilder her som (forhåpentleg) minnar om lysare tider.. :)



Kjekkasen som de ser på bildet fekk Hallvard av ei god venninde av meg. Ho hadde laga den.. den er så sjønn! :) Men den må nok fiksast litt. Ikkje så greit å bli herja med av ein ivrig toåring!
Keramikk-bildet fekk av forlovaren min i bryllupsgåve. Likar det så godt! Det er laga av tanta hennar som har butikken "RAKU" her i Volda. Lysfata er og ei bryllupsgåve.

Dei tova tøfflene fekk Adele når ho var nyfødd. Har ikkje blitt brukt. Er nesten for fine til det.. Men eg skal nok ta godt vare på dei.

Så nå har de fått sett litt av stova mi.
Kvardagen er tilbake.. og det var nok på tide trur eg!
Ha ei fin veke!
Klem

2 kommentarer:

Anna Lisa`s hjerteblogg sa...

Det var blitt lyst og fint hos deg. Koselig. I dag frsov min mann seg også. Og vi kom oss ikkje opp i barnehagen før halv 10 i dag. Vi får stille sterkare imorgå tenker eg. Tuva sovnet kl 18 i dag, og nå er ho så klart våken. Så spørs ka tid ho våkner imorgå. Men eg skal nok vekke ho om ho fortsatt sover kl 08!!
Ønska deg fin dag imorgå.
Klem

Kaos eller ro? sa...

Hei, koseleg stue du har. Den sauen var kjempe skjønn. Han er bra heldig som har ein slik!
Ha ein koseleg kveld