torsdag 1. januar 2009

Nytt år



Så er vi komt til 2009, og eg sitt her og mimrar litt over 2008. Det var eit minnerikt år! På mange måtar. For å ramse opp nokre av tinga...
  • Året starta med at vår vesle skatt, Adele byrja i barnehage i januar. Ein ny kvardag for både meg og ho, etter å ha våre heime eit år.
  • 17. januar. Adele 1år. HURRA!!
  • Eg vart tante til vesle Svanhild 19. februar.
  • Eg vart mor for andre gong! Det største og beste som kan eg kan oppleve.. Hallvard vart fødd 26. juni.
  • Eg og Frank gifta oss 12.september. Ein dag eg aldri kjem til å gløyme.
  • ..samme dag døypte vi vesle Hallvard bror.
  • Førjulstida vår, og jule- og nyttårsfeiringa. Vi har kosa oss så mykje! :) Var så kjekkt å få feire jul heime hos og sjølv, og ikkje minst skape jul her i heimen for våre to små.
  • ..og mange mange små nye ting med våre to små.. Små tenner, nye ord, nye ting små hender meistrar.. Store høgdepunkt i kvardagen vår!

Som de ser så er omtrent alle høgdepunkta for 2008 ting som han med Adele og Hallvard å gjer. Men dei er faktisk høgdepunktet i kvardagen vår! Kva gjor vi før vi fekk dei spørr vi ofte kvarandre eg og Frank.. For livet er så utruleg rikt og meinigsfylt no! Uansett kor trøtt eg er morgonane når dei våknar aaalt for tidleg. Om dei er sure og masete. Om dei sølar og grisar.. Det er verdt det! Eg er så gla i dokke tre. Ja, du er jo ein av skattane mine du og Frank.. :). Gler meg til alt vi skal få oppleve ilag i 2009.. :) Og det blir nok mykje!!Så vil eg ønske alle som skulle stikke innom her GODT NYTT ÅR! Er fortsatt ein fersking her i blogglandia.. men eg er spent på og gler meg til og blogge vidare i 2oo9!

Klem





1 kommentar:

Anna Lisa sa...

Ja det er mykje som skjer på eit år. Kjekt å ha mange gode minner saman.
Ønska deg godt nytt år, vi sjåast sikkert snart på det nye året.
Klem