torsdag 26. mars 2009

Prosjekt: Søskenbilde

Eg tek mykje bilder.. men lite bra bilder! Og som vanleg satt eg og knipsa bilder, og tenkte eg skulle prøve å få eit blinkskudd av mine to søte små.. Og det er ikkje noko enkelt prosjekt! Knipsa ein heil haug.. og humra for meg sjølv når eg tømte kameraet no og såg over dei.. vart berre tull! Her kjem nokre få av "blinkskudda".."Nei, Hallal.. itte sitte der.." "Kom her Hallal... sitte fint atme Adele.. kooom.."
"Sånn ja.. komme hit fantegut.."
"Sånn mamma.. ta blide no.. vent mamma.. dokka me på blide.."
Teksta under bilda er ganske eksakte det Adele sa.. Ho pratar og pratar HEILE tida dagane.. Veslevoksen?.. JA! Har full jobb dagane ho med å tilfredstille alle behova til dokkene sine (5stk). Dei skal alle få seg ein trilletur, sove, ete, kose, vaskast og sånt.. Pluss at ho må passe på at "Hallal" ikkje gjer noko gale eller får vondt. Så ja.. eg forstår ho er sliten kveldane.. Ikkje nokon liten jobb go har tatt på seg.

Måtte berre legge inn eit bilde av bokhylla som eg held på å måle.. Som sagt, det er KNALL GRØNT! Fekk litt sjokk når eg fekk sjå fargen i dagslys idag.. Men eg trur det blir knæsj.. :)

6 kommentarer:

Anonym sa...

Kor fine dei er !!!
Ingeborg har sett bilete ilag med meg no, og ho har lyst på besøk... :)
Det er ofte dei bileta som ikkje er oppstilte og arrangerte, som er dei finaste :)

Bokhylla var skikkeleg stilig !!!
Du får det til, du !!!

Annika sa...

For nokre søte små du har!

Og fargen på bokhylla var rett og slett berre "knæsh"! Det blir nok tøft på barnerommet!!

Annika sa...

Oi, eg trudde faktisk eg hadde gjort meg til kjenne litt tidlegare eg. Oppdaga bloggen din via mre.no trur eg det var... Men er ikkje alltid like flink å legge att ei helsing då... Prøvar å bli flinkare på det;)

Anonym sa...

Herlige Adele, syns ej høyre ne ja.

Veldi grøne hylle ja. Trur det blir bra ej. Gler mej te å sjå det ferdige resultatet.

Unknown sa...

Du har så utrolig søte og pene barn!! Det må jeg si altså... Og den grønnfargen - digger den!! :D

GOD HELG, forresten! :)

Anna Lisa sa...

Dei er så sjønne disse to :) Mange artige blinkskudd der:)
Hylla er kjempe stilig:) Er litt kjekt med fargeklatt i heimen:)
Ha en fin dag og ei god helg!!
Klem