søndag 21. mars 2010

No er våren her.. :)

Denne helga starta med at eg vart vekt av ei glovarm lita jente som kom krypande inn under dyna mi natt til lørdag.. Jaja, så var det vår tur, IGJEN!.. Når Hallvard sto opp kom feberen snikande der også.. begge la seg med nesten 40 i feber. Så eg starta å planlegge neste veke, for tenkte at dette tok nok nokre dagar..
Men nei!.. Begge vokna så friske at eg var sikker på at dei kom til å gå på ein smell! Så vi var inne, mala påskeegg og lagga teppe-hytte og kosa oss. Men ungane var verkeleg ikkje sjuke lenger!
Så då tok vi på nokre lag med ull og for ut for å nyte den første dagen som minnar om vår! Så herleg! Frank vaska bil, og alle naboane som var ute gjekk forbi, gjekk med eit stort smil! Sola varma, og snøen minkar i rekord fart! Så det er ikkje rart.. :) Endeleg kunne Adele få ta nye vogna som ho fekk til bursdagen sin, med ut på tur! Hallvard har "arva" den gamle paraplytrilla hennar. Og stas er det.. ;) Ut på tur.. dei la i veg! Drog ut eine etter den andre leika ut av garasja.. Ingen av dei så mykje som såg på akebretta å skia.. ;)


torsdag 11. mars 2010

Hei!
Lenge sidan sist ja??
Men vi har det veldig bra, og har det eigentleg veldig travelt.. dagane er ikkje før starta før dei er over syns eg..
Men men.. skal ikkje klage!
Det er ikkje så mykje nytt med oss. Ungane veks og er så kjekke. Har hatt litt småsjuker i hus, men ikkje meir enn ein må rekne med.
Tenkte eg skulle legge ut litt bilder frå kveldsbadet i kveld.
Dei fekk seg kvar sin seglbåt idag.. (måtte teste noko av dei kjekke vårleikene vi har fått på butikken..) Og dei falt i smak! Dei slost om ALT for tida.. begge skal ha dei same tinga og begge er like sta! Kan ikkje forstå kven dei har arva dette av??
Men dei er veldig veldig kjekke og.. leikar og slost om ein annan. :)
Dei stortrives i barnehagen medan Frank jobbar nattskift for tida, og eg jobbar jamt og trutt. Vi får det til å gå opp veldig bra (stort sett)! :)
Einaste eg kan klage på er denne snøen.. Takk og lov at det endeleg har kome litt regn!!!! For no vil vi verkeleg ha litt vår.. :)
Syns vi har hatt nok snø i år.. trur ikkje eg skal utdjupe det meir.. ;)

Dette vart berre ei lita oppdattering frå oss.. veit lite om kva tid neste blir.. ;)

tirsdag 5. januar 2010

GODT NYTTÅR!!!!

Vinteren kom med eit brak! :) Kor heldige er ikkje vi???
Greit nok.. det har komt mykje snø.. men den ligg så fint (når det ikkje snøvar som verst.. ;), og vi har kost oss så mykje! :) 2. nyttårsdag var vi og alle mine søsken samla på Aksneset, det vart både bålkos, grilling, skigåing, aking... til og med vart det utendørs bading i den nye stampen deira! Ein fantastisk dag som nok ikkje blir gløymt.. :)
Sjå berre kor fantastisk..

Ellers er vi i gong med kvardagen igjen.. Frank skal jobbe natt skift no ei stund framover. Spent på korleis det blir. Adele svirrar rundt. Gler seg til å byrja i barnehagen igjen og fortel oss med jamne mellom rom kva ho ynskjer seg til bursdagen. ROSA klubbe(!?), ROSA dokkevogn og anna ROSA.. ;)
Hallvard starta året med å være sjuke. Så han søv mykje, feber, snårete og veldig tungpusta stakkaren.. Adele forstår ikkje kvifor han ikkje blir frisk, ho har vore hans faste doktor og lytta og gitt han både sprøyte og medisin så han skal bli frisk.. ;)
Også har vi starta salget på butikken les meir om det her http://hurlumheibutikk.blogspot.com eller følg oss på facebook her
http://www.facebook.com/photos/?ref=sb#/pages/Volda-Norway/Hurlumhei-kle-leiker-og-utstyr/276165743355?ref=mf

Vi er heilt klare for eit nytt og spennande nytt år alle mann!