mandag 28. desember 2009

God jul

Då er vi komt til 4.juledag, så er vel på tide med ei lita julehelsing her på bloggen.. :)
Vi har kosa oss mykje og har fått gjort mykje allereie denne jula.. :)Vesle julafta reiste vi til Rovde. Ungane var så spent og gleda seg veldig! Tante Hanne Marta var allereie komt, og bestefar og mormor venta også på oss.. :)På formiddagen på julafta reiste eg ein liten tur til Volda for å jobbe nokre timar. Når eg kom heim igjen var Runhild med famile der til julelunchen. På bildet er det vesle Elise Adele så stolt held.Så var julekvelden endeleg der.. :)Vi fekk ein roleg og kosleg kveld med mykje god mat og mykje fine gåver. Både ungar og vaksne var i ekstase.. :)Må nytte høve til å takke for alle dei flotte tinga som vi fekk! 1. juledag var vi i ro på Rovde, og 2. dag var vi på Rangsætra på middag hos besten. Vi rakk også ein liten tur innom Olde og Oldis før vi for til Volda igjen.
Sidan har vi berre vore i ro heime.. og hatt nydelege dagar men masse snø!
Kjekt å ha god tid til å være ute med ungane og renne på akebrett og lage snømann.. :)
Eg har vore på jobb idag og skal i morgon, men ellers har eg fri!
Frank derimot måtte steppe inn og brøyte, så spørs kor mykje meir vi ser til han dette året?.. ;)
Håpar de har og vil ha ei fortsatt fin romjul! :)