fredag 20. november 2009

20.000 besøk på bloggen!!

Tenk på det! 20.000 besøkande på bloggen.. det er ganske fantastisk!!
Får dårleg sammvittgheit så dårleg som eg har vore til å oppdattere her siste tida.. Men no kjem her i allefall litt nyare bilder av våre søte små.. :)
Adele og Hallvard ute og leikar seg.. i kjent stil! ;) Desse bilda er nokre dagar sidan eg tok, medan det var så kaldt! No er det regn-kle vær her i Volda. Mildt og fint. men vått!
Dei er i barnehagen no. Eg har fri!! Har vore på foreldre samtale idag (og det var berre skryt og hauste!?.. berre heime dei er sta og umulige altså??), ordna forsjellige ærend.. og eg sitt faktisk og ser på Frank som vaskar over golva.. :) No skal eg straks fare å hente dei. Vi ventar besøk av vesle Olivia med familie.. :) Måtte berre legge ut litt bade bilder og.. Stakkars Hallvard! Han er så uheldig heeeeile tida! Rekk aldri å gro eit sår før det kjem eit nytt.. Dette var i går. Han snupla og smelde rett i parketten! Resultatet var masse naseblod, verranda-leppe, nokre få tårer.. så var alt glømt!
Ha ei strålande helg!!! :)
Regnar med dette blir siste fri helga mi før jul..
Er så spent på kva tid julehandelen tek til for fullt! Vi er iallefall klar! :)


mandag 16. november 2009

November

Så har vi blade om til november.. Tida går så fort! Eg har endelg forstått begrepet tidsklemma! Men vi har det veldig bra! Vi er friske alle mann, det går veldi bra på jobben og vi kosar oss mykje når vi har tid til det.. :)
Mykje har sjedd sidan eg sist oppdatterte bloggen. Farsdag, Frank har hatt bursdag, mamma har fyllt 50, eg har blitt tante til vesle Elise som kom på 5o årsdagen til mamma/momor faktisk! Og mykje mykje anna.. kunne skreve side opp og side ned.. Men det vert berre eit lite livsteikn frå oss no i kveld (... etter forespørsel etter oppdatteringar..)
I fjor på denne tida oppdatterte eg bloggen nesten dagleg.. artig å gå tilbake i arkivet å kike tilbake. Dette året har gått så fort! samtidig som så mykje har sjedd! Bileta er tatt for nøyaktig eit år sidan.. tenk på det! Dei var så små... Hallvard berre baby... No er han så stor, sterk og barsk. Skikkeleg gut! Og Adele er så flink storesøster.. Opptatt av alt som skjer og veldig nysjerrig.. Spørr om alt mogleg. No siste vekene er det bokstavar ho er veldig opptatt av.. og kven som er dame, mann, gut, jente, søster og bror, liten og stor.. Vanskeleg å forstå seg på alt. Men klok blir ho iallefall!
Ein ting ho ikkje klarar å forstå er at Hallvard heiter det same som bestefar (Som også heiter Hallvard).. nei, det stemmer ikkje! Men ein dag ho var på Rovde seier ho utav det blå.. "Åja, no veit ej det. Bestefar heite Hallvard å du momor heite Adele. Sånn va de, sant momor?"

Veit ikkje om det er så mange innom her lenger.. Men håpar iallafall at de har det bra og at de slepp denne influensaen som florar rundt oss!
Ha ei forsatt fin veke.. :)