søndag 28. desember 2008

JULA VÅR

Om eg skal beskrive jula vår med eit ord må det bli praktfull! Vi har kosa oss masse, fått slappa av, ete mykje god mat og trefft mykje gode venner og familie. Vanskeleg å kutte ned på bilda når eg skulle til å legge ut her.. så her kjem ein heil flokk! Litt forsjellig! :)Her er mine tre gull, dagen før dagen....
Så er endeleg den store dagen komt. Her ser de festbordet julaftan. Vi var heime hos oss saman med Frank si famile. Veldig kjekkt å dekke festbord når eg har så mykje flott servise ettersom eg er nygift! :)
Hm... skal tru kva som er inni alle desse pakkane?..
Her er dei små samla.. så fine! (Hallvard fortsatt i ull ettersom han skulle sove ettermiddagsluren sin før han fekk på seg stasen.. )
Skattane mine.. :)

Her er veslebror og klar for julefeiring! Stilig med dress.
Holdt ikkje ut så lenge.. når klokka bikka åtte ville han i seng.
Adele var då flink og hjelpe med å åpne "Hallal" sine gåver og.. :) Her har ho på seg jakka som han fekk. :) Passa fint syns ho!

Her er ein del av gåvene som Adele fekk! Dei fekk så mykje fint! Tusen tusen takk til alle dokke gavmilde som har gitt oss så mykje fint og kjekkt! :)

Og her Hallvard sitt. Mange fine antrekk! Han skal bli ein skikkeleg tøffing ja! :)

..og enda meir til Hallvard!

Her er frå 1. juledag. Då for me til Rovde etter å ha slappa av og rydda litt, og funne roa etter "pakkegalskapen" kvelden før.
Hallvard er so god! To tenner har han fått no!

Adele er ei "puttleline".. finn noko og dille med uansett kvar ho er! :) Og ho storkosar seg på Rovde med "mommo" og "bessefa". Ekstra stas er det no når tante "Majta" og onkel Per Olav er heime!

Idag har vi hatt juleselkap her hos oss. Mykje god mat vart det idag og.. :)

Gjengen samla.
Mamma, pappa, søstrene mine og søskenbarna til Adele og Hallvard var her.
Er det ikkje ein hærleg liten flokk? :)
Sjøl om vi har slappa av og kosa oss denne jula, har vi samtidig fått med oss mykje! Famileselskap, sove lenge, utrdrikkingslag (faktisk ja!), spelekveld med gode venner og mykje anna... og vi er berre komt til 4. juledag! Dette lovar godt! :)
Ha ei fortsatt god jul!!
Klem... :)

tirsdag 23. desember 2008

Lite tid..


Lite tid.. det resultatet lite blogging! Tida forsvinn for meg! Og no er jula her! Alt eg hadde tenkt eg skulle få gjort har eg ikkje fått gjort.. men men.. Jula er så nær så den kan bli no, og eg trur nok vi skal få det koseleg! Julegåvene er kjøpt, pakka inn og dei fleste er levert til dei som skal få. Og var på REMA no i kveld og fekk handla inn siste rest av matvarer.. Det anbefalast! Å handle på kveldstid altså.. Var nesten ikkje folk, så fekk gå i ro og fred. :)

Så no gjenstår litt meir vasking ( er ikkje vits i å ta det før rett før med to små som smular og grisar med det meste..). Har tatt nokre gongar allerede, men Frank meinte at no er det ikkje vits før me er i mål og ungane er lagde i morgon.. :) Sant nok. Og så må eg vel leite fram resten av pynten min.. skal nok bli jul her i Solveigland og! Juletrede vil eg ikkje ha i hus før i morgon, og helst etter at ungane er lagde.

Veit ikkje om det blir meir blogging på meg før jul... Tvilar på det. Så eg vil ønske alle som skulle kike innom ei RIKTIG GOD JUL!!!

Ikkje stress med alt som ikkje er gjort.. men kos dokke!!

KLEM

fredag 19. desember 2008

Utfordring og utmerking

Ingrid har gitt meg ei utfordring, og den tek eg! LETT! Ikkje så spennande kanskje.. men her kjem den iallefall:

4 jobbar eg har hatt:
1. Avløysar heime på garden på Rovde (jada.. berre flir! Eg var aldri den som hadde mest interesse av dette, men eg var ein reser å jamne silo iallefall!)
2. Selgar på Møbelringen på Åheim. Jobba der ein sommar for leeeenge sidan.
3. Jobba på ein cafe på Sheetland ein sommar, også maange år sidan.
4. Blomsterdekoratør. Har jobba og er framleis ansett på Aarflotblomster.

4 filmar eg kunne sett oppatt:
(Er ingen filmsjåar eigentleg.. og ser dei sjeldan to gongar.. så nå må eg tenkje..)
1. Tre nøtter til Askepott (høyrer jula til..)
2. Dirty Dancing
3. Istid
4. Ten things I hate about You

4 plassar eg har budd:
1. Rovde. Heile min barndom og litt av ungdomstida mi.
2. Volda. Ja.. flytta hit når eg var 16. Og har her blitt verande.. Første plassen eg budde var i Anders Vassbotn vei i ein mørk og GRUSOM kjellar.
3. Volda ja.. Hamnegata (oppe på trening-volda senteret). Budde der eit år før me flytta bort i storgata (oppe på politistasjonen. Budde der og eit år.
4. Og Volda igjen.. Hagen 6. Her bur eg no og trives godt! :)

4 Tv-seriar eg likar
1. Greys Anatomi
2. Frustrerte Fruer
3. CSI
4. Eg ser MYKJE TV.. men no står det heilt stilt her.. ser veldi mykje "reality". Jakten på kjærliheten, ungkaren, unge mødre, 71 grader nord, dansefeber.. og det var berre nokre av dei eg ser på! *kremt..*
4 stadar eg har vore på ferie:
1. San Torini
2. Praha
3. Sunny Beach
4. Zakynthos
4 websider eg er innom dagleg:
1. Bloggen
2. Facebook
3. Hotmailen min
4. VG
4 stadar eg ville ha vore no:
(berre for å få avklart det så vil eg ikkje vær nokon anna plass no med jul... men ellers på året må de bli desse stadane..)
1. Shopping tur til storby (Praha f.eks)
2. Spa på Alexandra i Loen
3. sydentur med familia mi
4. på hyttetur på Strynefjellet
4 stykk eg sender denne vidare til:
1.Synnøve (Livets Landeveg)
2. Trude ( The Vindfjell family)
3. Sigrun (Familieliv)
4. Ellers trur eg dei fleste andre bloggarane som eg veit har tatt utfordringa.. så stoppar der..
Så har eg fått meg ei utmerking til! Supert! Tusen takk Ingrid! :)
Reglane som følger denne awarden:
Ein skal gi den vidare til 5 nye, som igjen skal gi den vidare til 5 andre. Du skal linke til den du fikk den frå og til dei du gir den til.. Og gi beskjed til dei du gir den til.
Skriv i tillegg 5 ting du er avhengig av.
1. Ungane mine og Frank
2. Mat
3. Søvn
4. Pengar
5. Mobilen min
Vart sakleg denne lista mi.. men sånn er det! :)
Denne gir eg vidare til Trude, Camilla, Synnøve, Sigrun og Anna Lisa.
Koselege bloggar som eg likar å følge.. :)


torsdag 18. desember 2008

Litt nytt

Ja, her i solveigland skjer det ting.. etter to netter med minimalt med søvn, og to puppar så såre og vonde at det kjenner ut som dei held på dette av er mysteriet løyst! Ein liten tannebiss har komt seg gjennom! Adele var 14mnd gammal då hennar første tann (ENDELEG!!) kom, så eg trudde Hallvard og kom til å bli sein.. men den gong ei! Så etter sutring, sleving, og gnaging på puppen, håper eg no han er over det verste! :)
Om du ser godt etter kan du så vidt skimte den..
Ellers må eg få skryte litt av meg sjølv. Endeleg er eg litt i rute til jul! Iallefall med gåvene. Tok meg på tak og skreiv ei lang liste og la på handel! Det fungerte for meg.. :)
Så har sett over og ser at eg er i mål! HURRA! :)
Så no skal eg kose meg og pakke inn og skrive lappar!
Men ein ting. Kva skjer med veiret her i Volda?? Det er berre heilt forferdeleg!! Håpar verkeleg det blir drastiske forandringar FORT! Ellers bli det lange dagar inne i jula..
Har ikkje tenkt å fare på leit etter båsdunkar fleire gongar!
Var forresten nett nede og såg til mine små englar.. :) Dei sov godt! Kryssar fingrane for at me får ei fredeleg natt.. Tross begge har blitt snårete og hostar (IGJENN!), tenkjer eg positivt! Bank i bordet: Til jul vi me være friske!

Kosekluten er viktig! Skal helst dekke heile ansiktet!.. er so god.. :)
Adele har og koseklut.. men "totten" er og veldi god å ha... :)
Grur meg til dei skal vekk.. Men den tid den sorg!
Ha ein strålande kveld! Kos dokke INNE! :)


tirsdag 16. desember 2008

Besøk av nissen



Ja, her i Solveigland har nissen allereie våre! Og eg fekk akkurat det eg ønska meg!!! Er så fornøgd! Og no er du kanskje spent på kva gullimantar eller anna stas det er?? Joda, nytt kjøleskap faktisk!!! :)


185 høgt med eit haaaaav av plass!! So no kan det handlast inn til jul her! Å gå frå eit lite kombiskap på 145cm, der ein 1/3 er frysar, blir dette LUKSUS! :)
Å kor eg gler meg til å fylle det til jul! :)
Stilig er det og.. ;)
Så har eg fått meg endå ein award!
KJEMPEKJEKKT!!!
Tuuusen takk Synnøve!

Det sto ikkje noko utfordring eller noko om kor mange eg skulle sende denne vidare til. Men eg sender den iallefall vidare til Ingrid, Camilla og Sigrun.

søndag 14. desember 2008

Strålande!

Har hatt ei strålande helg med mange høgdepunkt! For å korte litt ned må eg berre ta med nokre av dei. Fredag var eg og mor på julekonsert i Volda Kyrkje, med Rein Aleksander og Elisabeth Andresen. Eg har ikkje mykje erfaring, trur ikkje eg har vore på nokon profesjonell kyrkjekonsert før faktisk. I allefall ikkje som kan samanlignast med denne. Det var mektig! Faktisk ubeskriveleg!
For å nevne nokon av høgdepunkta:

-Ave Maria
-Kling no klokka.
-Drummer Boy
-Let it snow
-You Raide Me Up
-Ave Verum Corpus
-O helga natt (ikkje minst!!!)
Det var fredag ja. Laurdag var eg i kyrkja då også faktsik. Men då for å sjå Tonje og Thomas si vigsle. Dei var så fine!!! Og det var så rørande.. tok til tårene mange gongar faktsik!
GRATULERER!! Ønskar dokke ALT GODT!! :)
Og på kvelden baka eg hardingar! Jada, du las rett.. Veslemøy gav meg rettleiing. Og det gjekk overrakande nok veldi bra! Om ikkje alle var like fine, var smaken god. :) Og det var kjekkt. :)
Idag skal vi på middag med tanta mi. Blir koseleg tenkjer eg.. :)

Så var det denne awarden som eg har vore så heldig og fått! :) Den kjem her:
"Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET -nærhet i rom, tid og forhold. Disse bloggene er usedvanlig sjarmerende og søte, og formålet er å finne og å være venner. De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse. Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet, vil enda flere vennskap ha forplantet seg. Vær vennlig og gi litt ekstra oppmerksomhet til disse! "


Som Camilla skreiv så er det faktisk ikkje så lett å finne 8 nye og gi denne vidare til. Er ikkje så "bereist" her i blogglandi! (...enda iallefall). Så eg velgjer å gi den vidare til 4. Men dei andre står sjølvsagt fritt til å gi den til 8 andre! :)

Eg velgjer å gi den til: Anna Lisas hjerteblogg, Livetslandeveg, Ingrid og Familieliv.
Gratulerer!

torsdag 11. desember 2008

Julefornying


Som de kanskje ser har eg "pynta" litt til jul her.. :) Litt fornying er alltid kjekkt.. :)

Ellers må eg sei at eg kan svært så lite om alt som er her i blogglandi! Føler meg gaaanske så klønete når eg ser på andre sine imponerande sider! Men håpar å lære meir etterkvart. :) Åpen for tips.

Vil også takke Camilla for min første "award".. Har ikkje sett meg inni kva det er og kva eg skal gjer med den.. Men det kjem.. Har ikkje tid idag!

onsdag 10. desember 2008

Pizzasnurrar.. :)

Kven er vel ikkje blitt inspirert av Grandiosa-reklamene for pizzasnurrane deira? Iallefall eg! Så etter at eg såg den reklama første gong har det blitt nokon brett med pizzasnurrar her i huset! :)
Idag syns eg vi trengte noko godt, denne mørke, kalde onsdagen i desember. Så laga deig og fyll før eg henta Adele i barnehagen.
Bilda talar vel for seg sjølv eigentleg.. Men her er vi i gong iallefall... :)
Om du ser nede i venstre hjørnet ser du kanskje kor Adele sto?
Ja, for det var ikkje reint lite ho greidde å knabbe til seg.. "Mi make mamma?.."

Klare for steiking.. Husk! Det er ikkje det ytre (utsjånaden) som tel, men innhaldet (smaken)..

Mmmm.. snart ferdi!
Dei gjekk ned på høgkant ja! Var ikkje mindre enn 4stk Adele mora mi klarte å stappe i seg før det var lalle-tid...
Vurderar å pakke opp krumkake-jernet som eg fekk til jul i fjor, og teste det ut.. men eg har ein sterk følelse i meg at det blir nok berre med tanken i kveld.. Men det skal bli tatt i bruk før jul!
PS! Eg skreiv i forige innlegg at det ikkje er mykje nissar og englar her i solveigland. Men her er eg avslørt! Her er to av mine FÅ nissar.. kjøpt på REMA! Jada.. Men dei er faktisk litt søte.. :)





tirsdag 9. desember 2008

Litt jul

No byrjar det å bli litt jule her i solveigland. Har pakka opp litt iallefall, og begynt og ordne litt i heimen.. Og det syns eg er stas. Men eg merkar det at det er ikkje heilt det same som før. No tenkjer eg meir praktisk enn dekorativt. Slik blir det når ein har to små. Dei bur her dei og, og det viser igjen! Tenkte eg skulle byrje med å vise det første rommet idag. Det rommet som ein først kjem inn i. Ja, gangen! Ein lang, trist tarm.. med grusome dører! VIL HA NYE! skifta døra inn til badet når me pussa opp der i sommar.. Hadde tenkt å ta dei andre og. Selfølgeleg! Men økonomien stoppa der.. Men kjem! Og så vil eg ha nye lister..
Desse bilda har svigermor mi måla. Ho er kjempe flink! Ein kunstnar faktisk. Men ho har det som hobby, og det til stor glede for meg! Har huset fullt i flotte kunstverk. Skal vise fram fleire etterkvart tenkjer eg. Dette fekk eg til bursdagen min i fjor.




Du finn ikkje mykje englar og nissar her i Solveigland. Men hjerter og stjerner er her mykje av! Og helst skal det være natur. Kvistar og konglar får eg aldri nok av! :) Er ikkje mykje som bleinkjer her nei..

Desse kongle kjeglene er eg så glad i! Har hatt dei i mange år, men varierar litt på dekoren.
Kanskje det blir vist fram mier av jula her i solveigland etterkvart...
Litt usikker på kva eg og Hallvard skal ta oss til med idag. Det står mellom å starte på julehandelen, evt bake julemannar (boksa er snart tom!) ein gong til.
Ha ein fin dag!





fredag 5. desember 2008

Ein kjekk dag

Starta dagen med at begge mine to små håpefulle sov til nærmare ni! Vanlegvis er vi i full sving i sju-tida.. så det var ein herleg start på dagen! :) Fekk kjapt unna frukosten, laga niste og kledde oss for å fare. Brukar å fare på småbarnstreff på frikyrkja viss det passar seg slik på fredagar. Og idag skulle Julie med sine to og være med, så vi var gleda oss ekstra idag. Og det var som alltid kjekkt! Ungane sprang og herja, og mødrene kakla og preika. :)
Julie med sine to (janna snart 2år og Ramona 7mnd) blei med oss opp igjen. Og alle fire sov faktisk i godt over ein time! Ikkje verst.. :)
Når Adele og Janna byrja å bli slitne etter ein lang leikedag reiste dei heim igjen.
Sjå for ein herleg gjeng då! :) Hallvard kosar seg med jentene. Anne Marta og Thea(1år) var her også og leika ei stund. Kjekkt! :)
Den go`gjengen!

Det har ikkje blitt laga dei sju slag her i huset. Men prøvar å lage litt godt når me har lyst til det. I ettermiddag laga vi ein av mine favorittar. :)

Adele svært nøgd med resultatet. "mamma make??"


Her ser de resultatet. Ei kjempe god og enkel småkake. Så om nokon freistar og prøve den kjem oppskrifta her:
AMERIKANSKE SJOKOLADERUTER
100g mandlar
150g smør
30g kakao
3egg
3dl sukker
2,5dl mjøl
1/2 ts bakepulver
Pisk egg og sukker til eggedosis, Smelt smør og bland i kakao- avkjøl. Bland så i mjøl og bakepulver. Ha røra i ei smurt langpanne. Steik i 30min på 150grader.
Avkjøl og skjær den så i ruter i ønska str.
Enkelt! :)


Når boksa så var full og ungane var lagde spurte Frank om ikkje vi skulle ha noko godt til kvelds. Og eg takkar ikkje nei til det. Så ikkje lenger etter fekk eg servert kylling i indisk-karri saus med ris. Veeeldi godt. Takk Frank! :)

Så det vart ei veldig god avsluttning på ein veldig kjekk dag! :) Er heilt utruleg kjekkt å ha blide friske ungar igjen!

Ha ei god helg!


onsdag 3. desember 2008

Musevise


Når nettene blir lange,
og kulda setter inn.
Da sier vesle musemor til ungeflokken sin:
Vist ingen går i fella,
men passer seg for den.
Skal alle sammen SNART få feire jul igjen!
Heisann og hoppsann,
og fallerallera.
Om julekvelden da skal alle sammen
være GLAD!

tirsdag 2. desember 2008

4.barnsmor

Runhild (søstera mi) var her idag. Eller var ikkje så lenge ho var her, men ungane var her heile dagen. Ho skulle på møte så eg skulle passe.. :)
Her er Svanhild snart 9mnd gamal! Høgt og lavt, men den enklaste unge på jord! Ho er så blid og god! :) Skikkeleg god jente.. :)
Hallvard syns det var kjekkt med ein leikekammerat.. :)
Her er Johannes 2,5 år. Den musikale i vår familie. Du vil ikkje tru alt han kan om musikk og instrumenter! Spelar på det meste. Favoritten er vel mandolin for tida. :)
Vi hadde det veldig kjekkt. Iallefall ungane trur eg. Adele og Johannes er like sta, så dei søv godt begge no tenker eg. Travelt og vere liten og sta.. ;)
Har funne ut at fire ungar er i meste laget for meg... 2 held! :) Blir nok ikkje 4.barnsmor med det første nei.. ;)
Fekk årets første julekort idag!!
Koseleg! :) Takk Tonje.. :)





mandag 1. desember 2008

1. desember

" Idag er det første desember. Alle nissunger må ut å gå.." tralla lalla la! :) Gler meg til jul i blåfjell! :) Det var vel starten på kjenningsmelodien.
Ja, no er vi i gong med adventstida folkens! Det er så kjekkt! :) Tenkte eg skulle gi deg som stikk innom her litt bilder frå førjulstida her i Solveigland. :) Litt for kvar gong eg er innom her. Idag er bilda av Hallvard og Adele. Ingrid var her på laurdag og tok bilder. Vart mange blinkskudd! Takk Ingrid.. :) Så no er julekorta bestillt. :)
Ha ei fin førjulstid! :)
Håpar du stikk innom for å få litt innblikk i førjulstida her i Solveigland! Kjekkt om du legg igjen eit lite hei eller hallo.. :)