søndag 27. september 2009

Annleggs-messe i Loen

Igår pakka vi med oss regnklede og for til Loen ein tur. Den årlege annleggsmessa sto for tur, og Frank vart glad (og overraska..?) for at vi ville være med alle mann! Ungane var så klart fullt opptatt heile dagen med å få testa alle dei ulike maskinene... Trur dei hadde det kjempe kjekt!! Ville ikkje fare heim iallefall!

Ungane vart nedelest av capsar, pennar, t-skjorter, godis og sist men ikkje minst vaffler. På denne standen vart dei sittande ei stund! ;) Vel og merke var det CAT sin stand.. ;)

Ellers har det vore ei regnfull fredeleg helg!
Godt med slike helgar!
Hallvard byrja i begynnelsen av veka på astma-medisin. Han har alltid vore tett, men når han blir forkjøla sitt det så langt nede og han blir aldri helt bra!
Våknar mange gongar om natta.. men no ser det ut som han blir godt hjelpt! Han er så mykje lettare enn han har vore på lenge!
Håpar det er noko han veks av seg med åra.. :)

No skal eg få bresa litt hjortebiff!
Ha ein fin søndag!

tirsdag 22. september 2009

Besøk..

Marte og Emma Emilie har vore på besøk hos oss denne helga!
Og vi har kosa oss slik heile helga, både ungane og oss voksne.. :I

Adele og Emma Emilie var så fornøgde med å ha helt likt anntrekk! Var ikkje dei stilige?? ;)
Dei sprang og fnisa heile dagane.. :)


Det var tydeleg at desse to huska igjen kvarandre frå ferie-turen til Albania i sommar. Gjensynsgleda var stor!! Og det vart mange, mange godar..

Eg måtte berre legge ut litt bilder.. men har ikkje tid å skrive så mykje meir, må få byrja på middagen!
Ha ein fin dag! Nyt inne-kos i stygge-været! :)


tirsdag 15. september 2009

Det er haust

No er det ikkje tvil lenger.. hausten er her for fullt! Og eg likar det!!
Iallefall når ein får slike dagar som vi har hatt siste dagane. Sol, sol, sol.. Kaldt, men tørt iallefall! Kjenner at det var heilt greit at hausten kom også i år. Eg er kanskje litt rar, men plutseleg får eg det føre meg at eg er lei sommaren! Eg vil tømme blomsterkrukkene og pakke vekk ute møblar. Kome meg inn og tenne lys og kose meg.. :)
Søndag tok vi oss ein tur inn på Rangsætra. Det er nesten så eg ikkje tørr og innrømme det. Men vi har ikkje vore der for heile sommaren!! Det er heilt forferdeleg.. men slik har denne sommaren blitt. Det har vore jobbing i hage, bygging av butikk.. og dei dagane vi hadde sett av til å fare på besøk har vi enten lagt oss sjuke eller våkna sjuke..
Så det så godt å kome ditt på søndag! Dei er så hjartegode.. :)
Skulle ikkje tru det var så lenge sidan sist når vi såg kor ungane finn seg til rette.. Dei er så rolege, veit akkurat kva skap dei tomme rømmeboksane står (og kake-boksa..), og vi vart oppvarta med middag og alt slags god saker til kaffien..

Adele og Frank har fått seg nye fiskestenger.. måtte teste den litt på land først.. ;)


Og jammen fekk vi oss litt små-sei til kvelds maten og.. :)
Ellers er vi straks halvegs med denne veka og! Har funne greie rutiner både heime og på jobb.. Og det går så fint!
Fekk ein knall start på butikk opninga!!!
Og ellers jamn straum med kundar og salg.. :) Er så spent på forsettelsen.. :)
Ha ei fortsatt fin veke!
Håpar regnet som kom i kveld.. berre var for i kveld! Haust sola vil vi gjerne sjå meir til.. ;)

lørdag 12. september 2009

1.års bryllupsdag

Så var vi blitt her og fru... Tenk at det allereie har gått eit år sidan vår store dag??
Eg klarar ikkje la vær å smile når eg ser tilbke på bilda frå dagen.. Det var ein slik flott, fantastisk dag! :)Og vesle Hallvard vår vart døypt.. sjå kor liten han var! Vesle skatten vår.. berre baby! Det føles ut som om det var i går..
Og sjå Adele kor lita ho var.. nesten ikkje hår! Så nydeleg ho var... :)
Eg er så heldig som har deg Frank..
Takk for at du er min!
No og for alltid!!

tirsdag 8. september 2009

Låser bloggen..

Eg har tenkt litt siste månadane.. Kvifor har eg blogg? Kven er det eg bloggar for? Kven er det som les det eg skriv?
Innlegga har komt sjeldnare og sjeldnare..
Etter mykje om og men har eg bestemt meg for å låse bloggen.. Ikkje fordi eg kjem til å skrive noko annaleis, men kanskje litt meir privat og ikkje minst friare! Og sist men ikkje minst for ungane si skuld...
Kjenner eg har slete med skrivesperre grunna spørsmåla eg nevnte.. Så for at eg skal fortsette med å oppdattere bloggen med innlegg frå solveigland, trur eg løysinga er dette.. :)
Tanken bak bloggen var jo akkurat det at eg ville at familie og venner skulle få eit lite innblikk i kvardagen vår, og det har eg lyst til å fortsette med! Så om du har lyst til å følgje oss vidare er det berre å gi meg beskjed, enten under kommentar-feltet, eller skriv ein mail til meg solhanes@hotmail.com
Er ikkje heilt sikker på korleis det fungerar enda.. men har forstått det som om det er veldig enkelt. Einaste er at eg må innvitere dei som vil innom bloggen, så må dei være pålogga (men du treng ikkje ha blogg!)
Men no skal eg legge meg.. Herleg og endeleg fått bestemt meg angåande dette!
Ha ei (stormfull?) god natt!! :)