lørdag 31. januar 2009

Lørdag

Lurar du på kva vi skal finne på her i solveigland denne lørdagen?... Sjå på bilda og tipp!!

Var nettopp ut på verandaen og knipsa nokre bilder.. For dette er for godt til å være sant! Skikkeli vårleg er det i Volda no! I går kveld var her nesten 13 grader!! Åååå.. det gjer så godt! Men har ikkje tid til å sitte her.. ut!! :)

fredag 30. januar 2009

Frææddan.. :)
Så var det helg igjen folkens! :) Sitt og ventar på besøk, så blir forhåpentlegvis ein kjekk spelekveld.. ellers lite nytt! Har kosa oss masse ute i fineværet! Det er nesten for godt til å være sant for oss "ikkje-skientusiastar"!!! :) Også må eg berre få legge til at eg klarar meg fantastisk bra med null-karbo-dietten min! Det er ikkje noko problem faktisk. Eller.. vekta har stått still nokon dagar å sjokolade hadde jo våre litt godt.. Men det går faktisk veldi bra! :) Velgjer å tru at det er musklane som byggjer seg opp etter all trillinga i fineværet (vekta altså..).
Så.. skulle berre inn å helse god helg til du som stikk innom!
Husk.. det e fræddan! ;)
Klem

torsdag 29. januar 2009

Meir heimestrikk.. :)

I forige inlegg viste eg fram dei fine lestane som søster mi har strikka til Hallvard, og syns då det var på sin plass å få skryte litt av mamma. Forige søndag var vi på Rovde og mamma kunne då vise stolt fram den nye genseren som ho hadde fått ferdig til Hallvard. :)

Var den ikkje fin??? :)herlege fargar! Hallvard er så fin i sterke fargar! :)


Så må eg legge ved bilde av genseren som ho laga til Adele. Den er godt brukt. Favoritt-genseren hennar! Også her hærlege fargar! :) Legg merke til dei matchande "leggisane". Tuuuusen takk mommo/mamma! :) Ho har strikka denne genseren i forsjellige fargekombinasjonar til alle barnebarne sine. Så nå skulle det komt eit bilde med alle samla, men det har eg altså ikkje ettersom Hallvard sin er heilt fersk. Men det kjem nok.. :)

Sidan eg er i "heime-strikk-hjørnet", må eg berre vise fram dette fine settet og! Dette har Hallvard arva etter søskenbarne sitt. Kjempe fint syns eg! Diggar den gedigne dusken på toppen! :) Kjekkt å kunne arve litt og.. :)
Ha en fin dag folkens!
Hææærleg vær!! :)





onsdag 28. januar 2009

Overraskelse i posten

Etter å ha godt ein tur og handla gjekk eg for å hente post. I postkassa låg det ein liten søt pakke! Kor kjekt! Eg elskar pakkar! :) Ikkje hadde eg venta nokon pakke heller... så dette var spennande. Eg åpna den og fant eit sjønt lite kort og sjønte med ein gong kven dette var i frå. Det var frå mi snille søster i Bergen. Eg at med kortet låg eit kjempe fint par med tjukke-lestar til Hallvard!
Tuuuusen takk Hanne Marta!! :) Skal nok bli vel brukte desse.. Heilt perfekt! ;)
PS! No slepp du strevet med å lage innlegg/mappe om det.. hehe... (internt!)

tirsdag 27. januar 2009

Dagens lunch



Utruleg nok fekk eg begge mine små til å sove samtidig idag. Ei stund sida sist no i desse "sjuke-tider"... Men iallfall så nytta eg tida godt som vanleg. Sette på turboen og fekk tørka litt støv, lagt saman litt kle,sett på ei maskin, pluss litt anna. Også laga eg meg ein hærleg salat samtidig som eg laga klart tilbehøret til taco, som står på middagsmenyen idag.. :) Slik ser altså lunchen min ut for tida. I desse "lav-karbo-tider", har vi her i solveigland og heve oss på bølga.. Fullt karbohydrat-kutt!! Resultatet er faktisk synleg (iallefall på vekta) allereie.. så er spent på fortsettelsen... ;)
Hallvard klar for sin lunch.. :)

..Også trimmar vi litt etterpå... (nei.. det var berre tull!) Men Hallvard øvar og øvar.. vil så gjerne komme seg framover! Er blitt ganske flink.

Ha en fin dag!

mandag 26. januar 2009

Endeleg

..etter ei veke med over 39 i feber kvar kveld, ikkje matlyst (utanom sjoko-melk), to turar til lege, nase så sår etter litervis med snørr at den e blodig og skurvete, utallige timar på sofaen/fang, fekk Adele seg ein pencelinkur! Kraftig halsbetendelse sa doktoren. Så no gler vi oss slik til å bli friske!! Ho lengtar etter å få fare ut å leike og ikkje minst å få fare i barnehagen. Og eg gler meg til vanleg kvardag med vasking av hus og alt som høyrer til. Ikkje minst å få være litt ute i dette nydelege vinterværet! Ut å trille! Det skal bli godt... :) Så.. om forhåpentlegvis ikkje så alt for mange dagar er vi tilbake i kvardagen her i solveigland!
Håpar vi har fått vår dose med omgongssjuker no...
Det einaste eg kan skryte på meg å få ha fått gjort er at eg omsider har fått orden i kleskaoset til ungane! Og det er det eg kan kalle det Ooo-STOREKLESPROSJEKT! Alt som er for lite ligg no i sirlege bunkar i nyinnkjøpte plastkasser (takk og lov for billege på NILLE!). Og det var ikkje reint få vi har fått i hus. Alle kassene er merka etter gut/jente og størrelse. Det har stått på lista ei stund å få gjort. Og ellers har eg fått sortert dei fleste skap. Mykje som skulle vekk ja! Så forhåpentleg kan vi glede andre med eit lass med kle. Håper berre dei kjekke kontainerane som har stått rundt om her i Volda, står der endå. Viss ikkje tek dei kanskje i mot på gjenbruksbutikken??.. Må sjekke ut.. :) Rart med det, men når eg går heime med sjuke ungar og veit eg ikkje får gjort stort, er energien på topp, og lysta til å gjer ting er enorm! Så no står ommøblering av stova for tur! Har planen klar! Alt skal snuast om! Å! Så eg gler meg!! :) Håper berre lysta er like stor når eg no kjem tilbake til vanleg kvardag.. ;)

fredag 23. januar 2009

Så var det helg


Ja.. jammen er det blitt helg igjen! Tida flyg! Og glad er eg for det, for no gler eg meg virkeleg til vår, varme, lysare tider... og ja sommaren!! Det skal bli godt. Sleppe all påkledninga av ungar når vi skal ut for dør, sjuke ungar(!!) og måkinga av bil. Pluss alt anna som høyrer vinteren til.. Det skal bli bra tenkjer eg! :)


Ellers har eg vore innom diverse bloggar å lest litt om dette med at somme velgjer å være anonyme, medan andre pøsar ut om sin private kvardag. Både med ord og bilete. Og eg er i den siste kategorien! Har lest innlegg der folk skriv at dei både er kvalme og lei seg når dei ser at andre legg ut bilete av ungane sine. Eg blir nesten litt sjokka! Men alle har rett til å seie si meining, og meine det dei meinar. Min blogg byrja eg med tanke på at venner og familie skulle få ein sjanse til å følge oss litt i kvardagen. Og då blir det heilt naturleg for meg med mykje bilder. Og det av ungane. Selfølgeleg vurderar eg alle bilda eg legg ut, og står for alt som eg skriv. Bank i bordet! Føler ikkje at eg brettar ut alt.. De skulle berre ha vist... ;)
Men samtidig syns eg det er utruleg artig å følge anonyme bloggarar! Veldi artigt! Men ikkje alle er like utrusta med skrive-talent. Og med det meinar eg slike som meg. (Altså av dei mindre utrusta..).

Men men.. nok om det. Det er helg igjen ja. Tenkte eg skulle gi eit nytt tips til brettspel. Vi fekk faktisk fleire til jul i år. Til mi stoooore glede!! :)

Rummikub heiter det. Ikkje noko nytt spel på markedet. Men veldi kjekt! Og her får ein brynt seg litt på enkel matte. Eit kjekt strategi-spel for oss som likar det. Også treng ein ikkje vær så mange å spele for at det skal bli kjekt. To mann held i lange baner! :) Berre synd min kjære ikkje likar så godt dette spelet... ;) Trur eg avsluttar med det og ynskjer de som skulle stikke innom her ei god helg!! Sett veldig stor pris på om de legg igjen ei helsing, anonym eller ei.. ;)

torsdag 22. januar 2009

Så var vi sjuke igjen.... Adele har egentlig våre pjusk sida jul, av og på med feber. Så hadde ho spysjuka i forige veke. Og no er det influensa her. Full smitte! Alle sjuke utanom mor i hus. Frank har fått seg penecelinkur for halsbetendelse, og eg vurderar å få sjekka ungane og...


Slik har Adele stort sett låge i dag.. Ikkje god stakkar. Feber oppimot 40grader... Treng vel ikkje sei meir..

Ser litt på TV inni mellom. (for første gong i heile sitt liv!!!)
Hallvard bror er heller ikkje god.. Det renn frå nase, auge, munn.. Feber og slapp. Vart lite søvn på oss i natt. Han hosta og hosta... Ikkje kjekt!


Så slik tilbringar eg dagane her i solveigland.. stort sett med ein unge på fanget! Det passa "bra", må eg få innrømme, at Frank vart sjukemeld til mandag.. ;)

Det var oppdatteringa her frå oss... Har forresten endelg funne lysta på å byrje på fotoalbuma igjen! Gjekk igjennom og sende til framkalling i går. Der har eg litt av ein jobb! Både bryllups-, og Hallvard sin album skal lagast. Og Adele sin album må oppdatterast frå det siste halvåret!

mandag 19. januar 2009

Adele 2år

17.01.2007, kl 17.47 kom vesle Adele mora vår til verda. Ho var 3700g og 49 cm lang. Det var kjærleik ved første blikk. Fødselen var hard, men vart gløymt når du endelg var ute! Du var så snill og god. Fornøgd med tilværelsen uansett. Tenk.. det er no over 2 år sidan..


Eg og du.. det er ubeskriveleg kor glad eg er i deg! Du er alt!


Det første familie bildet. Tatt på badet.. Verdas mest stolte foreldre!


Alltid blid.. ALLTID!


Vår første ferie-tur. Camping-livet likte du godt.



Her 6.mnd (på dagen!) gammal, lærte deg då å sitte (inne i campingvogna..).


Ein skikkeleg akrobat var du! Testa ut det meste.. Her 7mnd, og testar ut diverse krype-teknikkar. Så kry!



8 mnd gammal fant du "balansen".. Du trudde det sjølv iallefall. :) Ikkje redd for noko.





9mnd og 10 dagar gammal gjekk du dine første skritt, og 10mnd gammal gjekk du som ein "prest"! :) Flink.. :) Og fortsatt like blid.. :)



17.mnd gammal vart du storesøster. Det gjekk over alle forventningar. Du var så kjærleg med han og passa på. Ville helst ikkje ha noko skriking, då kom du sringande med tutten med ein gong.


Her bilde då du var brudepika vår. Nyyydelege du.. ;)


Så var det blitt to lys på kaka. Og du har fyllt 2 år. Tida flyg.. men vi sitt igjenn med millionar av gode minner!



Avslutta bursdagsfeiringa med å ete av hovudet av alle seigemannane.. Adele i eit nøtteskal. Ho fin på så mykje rart. Aldri tom for idear denne jenta.. ;) Gratulerer med fylte 2 år lille venn! Eg er så ufatteleg glad i deg! :) Go'jenta mi... :)

torsdag 15. januar 2009

Mål for dagen

Ettersom vi har vore litt pjusk her i solveigland.. ligg vi no bak skjema med ting vi skulle ha gjort denne veka! Så eg trur eg skal ta og lage meg nokon mål no i skrivande stund.. Det gjeld å prioritere..
1. Stryke bunads-skjorte (ja, det blir bunad på meg i bryllupet i helga. Eg er like brun som istappane som heng oppunder rafta her, ikkje har eg funne kjole, det er KAAAALDT! Ja, eg treng vel ikkje fleire begrunningar?? Føler meg forresten særskilt vel i bunad.. så det vart eit enkelt valg)
2. Vaske hus ( heeeeile huset! Kvar kjem alt dette støvet frå?? Utsatte helgevasken forige helg sidan eg viste at heile slekta kjem til denne helga)
3. Handle gåve til Adele, nytt BLÅTT(det var koda eg fekk frå brudeparet iallefall..) slips til Frank, og matvarer til selskapet i morgon og kaka eg skal lage til bryllupet.. Og det med begge ungane på slep! Kan ta litt tid...
4. Sy buksa til Frank (den fekk litt hard medfart på julebordet... kremt!)
5. Lage sjokoladekake, gele, pastasalat og kanskje litt anna...
Trur eg må stoppe der.. som de forstår blir det ein seeeeeeein kveld på meg idag! Burde vel egentleg ikkje ta meg tid til å skru på dataen ein gong.. Men i skrivande stund får eg ikkje gjort noko uansett, begge ungane er sure og trøtte og skal snart kvile seg.. Så då sett eg opp turboen!!
Men selskap skal det nok bli.. og kjekkt skal det forhåpentleg bli.. Når eg endeleg er i mål.. Ellers alt bra her i solveigland! ha ei god helg.. tvilar på det blir meir blogging før helga!

mandag 12. januar 2009

Spysjuke....

Yes, då har spysjuka sneke seg inn her i solveigland.. ARG! Så hald avstand folkens!! Som eg skreiv i går merka eg at Adele ikkje var på topp i går. Og når eg endeleg var sovna høyrde eg merkelege lydar og skriking i frå rommet hennar. Frank var ikkje komt seg i seng enda, så eg regna med han gjekk for å sjekke. Men det gjekk ikkje mange sekunda for han ropte etter asistanse...
Det var spy over alt! Grøss og gru! Men det var faktisk ikkje det verste. Å sjå kor redd, elendig og oppgitt jenta blei, var faktisk mykje verre. Så Frank har hatt ei natt med lite søvn. Han la seg inn til henne for å prøve å ungå at ho skulle vokne i spy fleire gongar..
Eg avslutta i forige innleget med at eg håpte på at me skulle halde oss friske og bedre vær.. men det skulle altså ikkje gå i oppfylling! Men men.. får håpe me blir friske til helga då iallefall.
No søv begge faktisk.. og det var godt med litt stilt og tomt fang. Kjenner meg ganske kvalm faktisk.. men eg veit ikkje om det er psykisk eller fysisk.. Det vil vel det neste døgnet vise.

søndag 11. januar 2009

Fredeleg søndag

Idag har vi hatt ein fredeleg dag. Nokon vil vel kanskje kalle det ein sløv dag.. men ein treng det av og til. Og idag har alt gått i sakte tempo her. Starta dagen, (eller ikkje starta) dagen før halv 12!! Det er lenge sidan mor i huset har sove så lenge ja! Frank var så kjekk å stå opp med ungane så.. ;) Adele var ikkje på topp idag. Var varm og klamm, ville helst ikkje ha på seg noko og ville helst sitte på fang idag. Men ho fjasa litt rundt og teikna ei stund. Når kvelden kom, kom og feberen sigande.. Håpar det ikkje er noko langvarigt. Kan vær både tenner eller anna småtteri som blaga henne idag. For vi har ei veke med mykje som skal skje. Ho har bursdag på laurdag, så vi skal feire henne. Og i tilegg skal vi i bryllup i helga.. Så håpar vi slepp disse sjukene som går!




Men Hallvard var i stor form idag! Er så blid og artig nå! Vanlegvis er det Adele som er min faste asistent når eg lagar middag, men sidan ho helst ville sitte på pappas fang, kom Frank med den "geniale" ideen som de ser på bildet. Han meinte att her satt han trygt, og så mista han ikkje leikene sine på golvet.. hehe.. Han stooorkosa seg opp i der! Og spesielt når han fekk gnage litt på grønsaksposen.

Håpar på vesentleg bedre vær i neste veke! No er det så grått og trist at ikkje det fristar å sette foten utfor dør! Og at vi held oss friske!
Ha ei fin veke folkens!
Klem :)

fredag 9. januar 2009

Besta på besøk


Medan eg og Adele laga middag idag fekk vi oss ein hyggeleg overraskelse. Besta kom på besøk! Adele vart så glad at ho nesten datt ned frå stolen ho sto på.. Det er så stas me besta.. :)


Leik og kos blir det alltid når ho kjem.


Og veldi mykje MORO!! Utruleg kor kjekt ein kan ha det med ein kles-stamp! Det blir alltid mykje liv og full fart når besta er her. Til Adele si store begeistring!



Like svette og oppkava begge to! Hærleg! ;)

Bror måtte og få være med på moroa! :)

Og han forsto fort at her var det berre og knipe seg fast! :) Dette var kjekt!

Begge sovna på eit blunk i kveld etter kveldsbadet. Det er så kjekt når besta kjem og lagar liv her! :) Må kome og leike oftare besta! :)

Ellers må eg berre vise fram det søte serviset som Hallvard fekk i (litt forsenka) dåpsgåva av nokre gode venner av oss som var oppom oss her ein kveld. Tuuusen takk! :) Legg merke til den kuuuule matboks-kofferten! :)


Ha ei god helg!!

Klem

onsdag 7. januar 2009


I skrivande stund er eg så trøtt at eg er kvalm.. ja, eg kunna sovna ståande! Men Hallvard er VÅKEN!! Veldi VÅKEN! Det er ikkje noko hemmlegheit at eg treng mykje søvn.. og søvnen min er heilag! Men kva skal eg gjer når Hallvard vil, og skal stå opp kl 04.00???
Det er 3. dagen no han våknar då.... først strålande blid. Så eg prøvar alle mine triks. Puppe litt, kose, synge, gynge, puppe litt meir, riste litt.. puppe meir! La han grine litt.. Tørr bleie.. kose.. hysje.. men NEI! "Eg vil stå opp, må du vel forstå mamma.."
Så.. gi meg eit tips! Om du har..
No er klokka blitt 05.30. Var tenkt å stå opp litt tidleg idag (ikkje SÅ tidleg!..). Eg og Hallvard skal ein tur på Moa idag, ilag med mamma.. Blir nok ein lang dag dette. Men no er vel Hallvard snart trøtt tenkjer eg.. Men eg kjenner at eg byrjar å bli så pass våken, at eg sovnar nok ikkje skikkeleg før vi må stå opp igjen.. (om det blir noko meir soving då..)
Eg forstår vi hadde, og har det veeeldig lett med Adele "sju-sovaren" vår. Ho har sove jamt mellom 14 og 16 timars natt.. Pluss ein eller to gode lurar på dagen. Men men.. vi er ikkje alle like!
No kikar Hallvard på meg.. Han smilar. Smilet er så stort at heile han ristar av iver.. du er jo god då.. ;)

PS! Treng vel kanskje ikkje å sei det.. men bildet er ikkje tatt no.. ;)

mandag 5. januar 2009

Kvardag

Idag kom kvardagen og banka oss i hovudet! Slutt på late dagar og ferie.. Dagen starta med at eg sette meg opp i senga, merka at Hallvard, som har vore så flink å sove i eiga seng lenge no, låg midt i senga og kosa seg. Jaja.. men så slo det meg. Klokka er over 8, Frank ligg her endå, er det ikkje mandag? Så eg vekkjer Frank og han sprett opp. Forsove seg første dag på jobb etter ferien.. Jaja.. Han kom seg avgårde. Så sovna eg og Hallvard igjen, før vi fant ut at Adele skulle jo i barnehagen idag. Ho har vorte ein skikkeli "sju-sovar" i ferien (til våra store glede..) så eg måtte vekke ho så vi rakk dit før 10. Etter å stressa rundt for å finne fram alt barnehage-utstyret vi skulle ha hatt klar (helst kvelden før..) var vi omsider snart klar for å kome oss ut dørene. Åpnar sekken hennar, finn barnehage-rekninga som skulle vore betalt før nyttår. Jaja.. vi har verkeleg hatt ferie her i solveigland iallefall.. Men no er det slutt! Inn med gode, faste rutiner igjen..
Så, når eg var heime igjen, pakka eg ned all jula vår.. Like overraska kvart år over kor mørkt og trist alt det fine vi har gjort i stand til jul blir 1.nyttårsdag! Og slik blei det i år som alle andre år.. Så det var godt å få opp lyse gardiner og andre fargar!
Legg ut litt bilder her som (forhåpentleg) minnar om lysare tider.. :)



Kjekkasen som de ser på bildet fekk Hallvard av ei god venninde av meg. Ho hadde laga den.. den er så sjønn! :) Men den må nok fiksast litt. Ikkje så greit å bli herja med av ein ivrig toåring!
Keramikk-bildet fekk av forlovaren min i bryllupsgåve. Likar det så godt! Det er laga av tanta hennar som har butikken "RAKU" her i Volda. Lysfata er og ei bryllupsgåve.

Dei tova tøfflene fekk Adele når ho var nyfødd. Har ikkje blitt brukt. Er nesten for fine til det.. Men eg skal nok ta godt vare på dei.

Så nå har de fått sett litt av stova mi.
Kvardagen er tilbake.. og det var nok på tide trur eg!
Ha ei fin veke!
Klem

lørdag 3. januar 2009

Tips

Om du har plan om heime kos denne helga tenkte eg at eg skulle tipse om eit kjempe kjekt brettspel. "Brainstorm" heiter det! Det har våre denne jula sin store hit for oss! (ei av årets julegåve til oss gamle nissane..) Klokka bikkar fort både 12, 01, 02, 03.. når me først tar oss nokon runder! :) Prøv det.. trur nok du vil få mykje moro! God helg! :)

fredag 2. januar 2009

Vinterleik

Idag kledde vi oss godt, og gjekk ut for å leike oss i snøen. Det var førsteklasses vintervær! Vi storkosa oss! Både eg, Adele og Hallvard. Jammen er det kjekt med vinterleik!
Her er Hallvard GODT nedepakka så han ikkje skulle fryse. Han følgde med og syns det var spennande. Så kjekt å få sitte i vogna å kike, i staden for å ligge og ikkje sjå noko.. :) Han var utruleg tolmodig etter mange timar ute!

Nye ski! Ein ny opplevelse for Adele. Men ho tok det bra! Og ho syns det var kjempe morsomt! Flira og flira.. :) Både ho og eg. Ikkje noko som er så smittsomt som hjarteleg barnelatter.. :)

"Lunch-pause" og ein pust i bakken.. Godt med snø ja!

Men fortsatt er det kjekkast med akebrett! "fojt mamma.. fojt!"


Hallvard og måtte få prøve akebrettet ei stund.

.. så då leita Adele fram 4hjulingen sin som ho fekk til jul. Men den drog heller dårleg på glatt føre.

Fant ein rattkjelke som "storegutane" hadde lagt igjen i garasja vår. Den måtte vi teste. Og eg seier berre ein ting. Ein slik ønskar vi oss! Kjempe kjekkt å renne! :) Håpar på mange fine vintervær-dagar!

God helg! ...ja, det er faktisk helg igjen allerede! :)