tirsdag 5. januar 2010

GODT NYTTÅR!!!!

Vinteren kom med eit brak! :) Kor heldige er ikkje vi???
Greit nok.. det har komt mykje snø.. men den ligg så fint (når det ikkje snøvar som verst.. ;), og vi har kost oss så mykje! :) 2. nyttårsdag var vi og alle mine søsken samla på Aksneset, det vart både bålkos, grilling, skigåing, aking... til og med vart det utendørs bading i den nye stampen deira! Ein fantastisk dag som nok ikkje blir gløymt.. :)
Sjå berre kor fantastisk..

Ellers er vi i gong med kvardagen igjen.. Frank skal jobbe natt skift no ei stund framover. Spent på korleis det blir. Adele svirrar rundt. Gler seg til å byrja i barnehagen igjen og fortel oss med jamne mellom rom kva ho ynskjer seg til bursdagen. ROSA klubbe(!?), ROSA dokkevogn og anna ROSA.. ;)
Hallvard starta året med å være sjuke. Så han søv mykje, feber, snårete og veldig tungpusta stakkaren.. Adele forstår ikkje kvifor han ikkje blir frisk, ho har vore hans faste doktor og lytta og gitt han både sprøyte og medisin så han skal bli frisk.. ;)
Også har vi starta salget på butikken les meir om det her http://hurlumheibutikk.blogspot.com eller følg oss på facebook her
http://www.facebook.com/photos/?ref=sb#/pages/Volda-Norway/Hurlumhei-kle-leiker-og-utstyr/276165743355?ref=mf

Vi er heilt klare for eit nytt og spennande nytt år alle mann!