fredag 28. november 2008

Smil


Smil og vær glad for hver dag som går,
så skal du se hvor mange venner du får.. :)

torsdag 27. november 2008

Det er no snart to veker sidan eg blogga sist.... og det med god grunn. Eg hadde bestemt meg for at dette skulle være ein positiv blogg. Ikkje berre syting og klaging. Og skulle eg ha blogga skal eg love deg at det hadde blitt klaging! Men etter snart to veker med sjuke ungar har eg endeleg fått meg ei god natt med søvn.. :) Og ALT ser mykje lysare ut då må eg seie. :)
Til helga er det første søndag i advent. Og eg gler meg som ein unge til jul! Vanlegvis er eg no ferdig med julegåvene, og huset er pynta i alle krokar til jul. Slik er det når ein jobbar på blomsterbutikk ved juletider. Denne jula er første jul på 10år at eg ikkje skal jobbe! Litt spesielt. Men eg skal love deg at her i huset er det ingen ting som tyder på at det snart er jul... Ikkje ei gåve er kjøpt, ikkje noko har eg baka og ikkje ein ting i huset minnar om jul.
Men no kjenner eg at det er noko på gong. Endeleg byrjar julestemmninga og kome.. :) No vil eg pynte og styre her.. :) Er heilt klar! Så litt vasking må til, så skal det byrje å bli jul her i solveigland!
Har byrja på ein adventskalender. Litt i seinaste laget.. Men til neste år skal den i allefall bli klar! Fant ei gamal disney-oppskrift, syns den var koseleg.. :) Det er snart helg! :)
Ha ei fin adventstid du som les dette.. :)
Kjekkt om du skriv eit lite hei eller noko.. :)

søndag 9. november 2008

Frank 24 år på farsdag!

Hipp hipp hurra for gode, snille, super pappen vår og kjærasten min som vart 24 år idag! :) Adele hadde laga eit super flott kort til han i barnehagen som ho overraska han med. Det var stas! ;)

Ellers starta dagen (obligatorisk) med at eg stod opp med ungane og laga frukost, som Frank skulle få på senga. Adele var som vanlig min dyktige assistent på kjøkkenet og kryddra eggerøra (eller, rettare sagt mista krydderbøssa opp i røra) så den knapt nok var etande.. ;) Og ho hjelpte meg å lage kort frå Hallvard og paprika-hjerte.. :)

Oj! Dette har ikkje vi gjort før.. Spennande! (sitat Adele..). Trøtte Frank då stakkar.. Fekk ikkje sove så alt for lenge, for vi hadde nemmeleg fleire planar for dagen.

Frank fekk seg klokke! Godt nøgd med den trur eg. :) Eg tykkjer den var kul iallefall (ikkje så rart sidan det var eg som hadde plukka den ut.


Så når Frank hadde fått i seg frukosten. Heiv vi oss i bilen. Eg hadde bestillt bord på Hotell Alexandra i Loen! Her ser de dei to luringa kor dei kosa seg under middagen.. :) God klumpane mine! :) Maten var HIMMELSK!! (om nokon tvilte på det..)


Vi kosa oss også masse.. Hallvard byrjar å bli interesert i kva det er vi stappar i munnen, og vil også smake... Må nok vente nokon månadar til lille venn! ;)


Adele i bassenget etter middagen. Om ho kosa seg?? JA!! Ho eeeeeelskar vatn og alt som har med vatn å gjer! :) For henne var det så stas med alle dusjane i garderoba, så måtte lure henne med meg ut og vise ho at der var mykje som var meir spennade enn dusjane.. ;)

Hallvard koste seg også! :) Var ikkje ein lyd i han utanom små higst når han flira. Han holdt ut nesten to timar i bassenget han og! Imponerande.. trur han vil sove godt i natt ja. :)


Har hatt en kjempe kjekk og koseleg dag! GRATULERER MED DAGEN FRANK!!! Elskar deg.. du er så god.. ;) Håpar du koste deg like mykje som oss.. ;)









lørdag 8. november 2008

Suksess!

Ja, idag har eg altså overgått meg sjølv. Tykkjer faktisk det er på sin plass og skryte litt av meg sjølv! Ja, faktisk! :) Sjeldan eg gjer det.. men idag gjer eg altså det. Eller det er ikkje akkurat meg eg skla skryte av, men den heeeerlege middagen eg laga! :) Bestemte meg for å droppe den typiske laurdags-kose maten (pizza/taco/lasagne...). Sidan mi svigerinne Aina hadde hatt eit "uhell" i heimen, der einkvann hadde gløymt å lukke att frysaren etter å ha henta seg ein is(!). Hadde ho svært mykje mat som måtte brukast idag. Så frank kom heime me eit flott stykke hjort. Så eg heiv meg rundt å laga hjorte-snadder. Servert saman med fløtegratinerte poteter og tyttebærsylte. Det var overrakande godt! Faktisk ein suksess! :)


Så nå ligg vi her på kvar vår sofa, eg og Frank, aaaalt for mette! Stapp mette! Han ser på fotballkamp(!!!?) og eg sitt her og trykker litt.. Dataen vår (som er knappe månaden gammal!!) er berre tull med, så Frank meiner eg skal legge den frå meg no, så får heller finne meg ei bok før daten klikkar heilt og EG får skylda. ;)


Frank er så heldig, evt uheldig at han har bursdag på farsdag i år faktsik! :) Så i morgon skal vi gjere stas på gode pappaen vår!! :) Gleeeer meg! Kjem nok eit lite referat.. :)

Gog helg til dei som skulle kike innom min enkle blogg.. om det skulle vær nokon då!

onsdag 5. november 2008

Onsdag

Ja, så er det blitt onsdag.. Lite nytt i heimen. Han eigentleg funne ut at livet mitt er som ein karusell for tida. Vi gjer stort sett det same kvar dag, eller ikkje kvar dag. Men kvar veke. Mandag: kom i gong igjen etter helga og ta igjen klesvask og anna div (eg har husmorfri i helgane om det var nokon som lurte..). Tirsdag: babysong, lang trilletur og så er den dagen vekk. Onsdag: er eigentleg ganske åpen, men blir helst til at vi er heime og ryddar og leikar, om vi då ikkje finn nokon som vil leike att med oss då. Torsdag: Snart helg... vaske hus, handle... Fredag: Så var det helg! :O). Og ellers synst eg kvar dag sluttar og byrjar omlag likt.. Rydde, rydde, rydde.. Men eg klagar ikkje! For når eg seier at livet mitt er som ein karusell som går rundt og rundt.. så er der heile tida litt oppturar og nedturar undervegs. Så når eg seier karusell, så meiner eg at eg gjer stort sett det same heile tida, igjen og igjen og igjen.. men har det kjekkt! For karusell er jo kjekkt!! :)



No høyrer eg småprat på begge romma nede, så då er vel små englane mine våkne:) Det var dagens data-pause..Hm.. faktisk ikkje så ofte eg unnar meg det på ein onsdag føremiddag. Kanskje eg skal legge det inn på onsdags-dagsplanen min.. ;) Var utruleg herleg eigentleg.. Livet er eigenteg herleg! Vertfall her i Solveigland! :)

søndag 2. november 2008

Momo og Besse på besøk :)





















Starta dagen med å lage kake.. :) Hadde super hjelp av den dyktige assistensen min Adele. Ho er så dyktig! Kjekkaste som finnst på jord er jo å få bake.. :)
Fekk på kok pinnekjøttet, og den herlege lukta spreidde seg i huset.. Undrar på om det gjekk forbi nokon og vart freista av den heeeerlege lukta ja! :)






Ellers gjekk dagen fort.. "Momo" og "Besse" kom og for like fort.. eller dei var her nokre timar men Adele får aaaaldri nok! Like lei seg kvar gong dei reiser og vil VÆRE MED!! "hade mamma, hade pappa, hade hallal..." Og store og mange tårer kvar gong når ho finn ut at ho faktisk må bli heime denne gong og.


Ellers: Hipp hipp HURRA for momo som vi har feira idag! :)



Ellers talar vel bilda for seg sjølv kva vi har gjort idag. kosa oss masse!














lørdag 1. november 2008

Blogg nr 2

Ja, så kjem innlegg nr 2. Spørs om de kjem fleire.. ;) Var eigentleg ikkje så verst dette.. :) Så skal ikkje sjå vekk frå det. :)
Idag starta dagen på best mogleg måte.. Frank sto opp med golla våre, og eg fekk sove leeeenge! Herleg! :) Fekk frukost, tok så med meg Hallvard og for til Ørsta og sprang meg ei runde på butikkar og fekk shoppa litt. :) Hadde så ein kjekk ettermiddag at me alle mine.. med mykje familyfuntime... :) KOS! :) kosa oss masse før dei minste måtte i seng. Så no sitt vi her og switsjar på kanalar! Utruleg kor lite kjekkt dei sender på tv laurdags-kveldane..! Vurderer å lage ei kake.. ho mor han bursdag på mandag, men kjem hit på middag i morgon og skal feire det litt her:) Skal ha pinnekjøtt til middag, så det har eg tatt opp så det er klart.. Men må ha ei kake.. hm.... får sjå om eg finn noko fristande oppskrifter.. :)

Ellers... slit med å IKKJE skrive dialekt!!! Er blitt heilt håplaus!!! Skriv jo ikkje nåke lenger... så skal prøve på det her. :)