tirsdag 15. september 2009

Det er haust

No er det ikkje tvil lenger.. hausten er her for fullt! Og eg likar det!!
Iallefall når ein får slike dagar som vi har hatt siste dagane. Sol, sol, sol.. Kaldt, men tørt iallefall! Kjenner at det var heilt greit at hausten kom også i år. Eg er kanskje litt rar, men plutseleg får eg det føre meg at eg er lei sommaren! Eg vil tømme blomsterkrukkene og pakke vekk ute møblar. Kome meg inn og tenne lys og kose meg.. :)
Søndag tok vi oss ein tur inn på Rangsætra. Det er nesten så eg ikkje tørr og innrømme det. Men vi har ikkje vore der for heile sommaren!! Det er heilt forferdeleg.. men slik har denne sommaren blitt. Det har vore jobbing i hage, bygging av butikk.. og dei dagane vi hadde sett av til å fare på besøk har vi enten lagt oss sjuke eller våkna sjuke..
Så det så godt å kome ditt på søndag! Dei er så hjartegode.. :)
Skulle ikkje tru det var så lenge sidan sist når vi såg kor ungane finn seg til rette.. Dei er så rolege, veit akkurat kva skap dei tomme rømmeboksane står (og kake-boksa..), og vi vart oppvarta med middag og alt slags god saker til kaffien..

Adele og Frank har fått seg nye fiskestenger.. måtte teste den litt på land først.. ;)


Og jammen fekk vi oss litt små-sei til kvelds maten og.. :)
Ellers er vi straks halvegs med denne veka og! Har funne greie rutiner både heime og på jobb.. Og det går så fint!
Fekk ein knall start på butikk opninga!!!
Og ellers jamn straum med kundar og salg.. :) Er så spent på forsettelsen.. :)
Ha ei fortsatt fin veke!
Håpar regnet som kom i kveld.. berre var for i kveld! Haust sola vil vi gjerne sjå meir til.. ;)

1 kommentar:

Annika sa...

Eg syns også det er herlig med haust. Og begynner faktisk å gle meg til jul. Så tidleg ute trur eg aldri eg har vore før;)

kjekt at det har vore mykje folk innom med dokke på hurlumhei. Håper det fortsett, for der var verkleg mykje fint der!