søndag 22. mars 2009

I Bergen


No sitt eg i kjellar-leiligheta til søster mi. Ungane søv og eg er stuuuup-trøtt! Det regnar og haglar om ein anna.. grått og trist er det i Bergen idag. Men vi har kosa oss masse! Brukt aaaalt for mykje pengar, ete alt for mykje sjokolade.. men alt i alt.. helga har våre super! No skal eg snart finne senga her. Har gått kjempe bra med legging og soving med ungane, bortsett frå at dei våknar aaaaaalt for tidleg. Mellom 6 og 7.... og det er nokre timar for tidleg for mitt hovud. Så skal legge meg litt tidlegare i kveld enn eg har gjort dei andre kveldane. Skal tross alt kjøre heim i morgon, så greit å være utkvilt...


Var på Akvariet idag. Adele så fasinert! Kjempe spennande.. faktisk mest stas med gullfiskane.. Men krokodillene var også spennade.. eller krokoadele som ho kalla dei (dille/Adele... ho kalla dei det iallefall..)


Ja, må berre ha med ein ting til (var ikkje tenkt å blogge så mykje i kveld..). Endeleg har eg og fått sett "Mamma Mia" filmen.. Humra meg gjennom heile filmen... hehe.. Har du ikkje sett den er det berre ein ting å gjer: Løp og kjøp! Det er ein film alle burde få med seg.. :)
Så litt meir bilder.. la ut nokre i farta..
Kveldsmat på vei til Bergen.. Ja, det regnar alltid i Bergen tydelegvis... Opptimistisk som eg er droppa eg regntrekk.. men ein syden-poncho gjor susen.. hehe..
Men no SKAL eg slutte.
Natta!!

Ingen kommentarer: