søndag 30. august 2009

Regn, regn, regn.. :)

Det har våre ein nydeleg søndag! Det har regna i heeeeile dag, utan stopp! Og slike dagar likar eg. Enten kan det være sol, eller snø eller regn... Slike dagar der det skiftar heile tida kan eg ikkje fordra! Men uansett.. Vi kledde på oss og plaska oss ut i dei store søylene! Veldig greit når det er slike regn dagar, då veit ein korleis ein skal kle seg. Som oftast endar eg opp med å kle på og av, skifte til tørre kle, regn kle... Og det kan eg ikkje fordra som sagt... Men idag var det ikkje tvil! Berre å få på seg det som kunne tåle mest muleg vatn.. :)Hallvard spelar ein truddelutt på vatnaren vår.. trengte IKKJE å bruke den på vår ny-sådde plen for å sei det slik... ;)
Hoppe trampoline i regnet er jo berre ekstra kjekt! Sleipt og så blir ein ekstra våt! Hallvard i full konsentrasjon... Etter at vi hadde våre ute og leika ei stund, for eg inn for å hente kameraet.. Men då var Adele blitt lei.. Våt og lei! Så her er blinkskuddet av prinsessa på tur! Skikkeleg sur og grinete.. ho har sine dagar med "primadonna-nykker".. Alt er berre ei stor kriiise!... då er det berre for mor i hus og telle til 10... 1, 2, 3, 4, 5, 6... puuuust!
Men det går som regel fort over! Ho er stort sett svært så fornuftig, snill og blid!
Etter at vi hadde plaska frå oss, sovna begge våre søte små.. :) Så då fekk eg tatt litt forefallande i hus, laga deig og gjort klar til pizzasnurre-baking.. :)
Så fekk vi stappa i oss alt vi makta av dei, tatt kveldsbadet og så var det kveld..
God natt! :)

PS! Tenkte det var på tide med eit godt, gammaldags, solveigland-innlegg.. lenge sidan sist! ;) Og det regnar slik i kveld, at parabolen er ute.. så då fekk eg nokre ekstra data-tid-minutt før eg skal i seng.. ;)

4 kommentarer:

Annika sa...

Det va koslig me et "vanli" innlegg ja - men det e veldi kjekt å fylle me kor det går me butikken også:)

Godt å høyre det e fleire so syns det va greit me heilt regn i går! Hestane holdt på å drukne, men bortsett frå det, syns ej det va en kosli dag:)

God arbeidsveke:)

Randi sa...

Herleg beskrivelse av ein dag eg glatt kjenner meg igjen i!! :)

Hanne Marta sa...

So kjekt me et "gammaldags-solveigland-innlegg" igjen ja. Gleda mej te å treffe dåkke på lørdag
Gonatt

aina sa...

så koselige blogg, solveig^^,