fredag 28. august 2009

Konkurranse!

Folk minner meg stadig på at det er lite liv i Solveigland.. Sjølv om det er lite nye innlegg på bloggen, skal eg love dokke at det ikkje er lite liv her!
Dagane rasar avgårde!!! Ungane stortrives i barnehage, har vore litt småforkjøla, men ikkje meir enn vi hadde regna med.

Eg er på butikken kvar dag no og Frank jobbar vekk i vekene. Så ja... ganske travle dagar her!
Huset ser ikkje ut!!! Men eg gjer det mest naudsynte!

Det er så kjekt å vær på butikken å sjå korleis den tek form!!! :) Men når eg kjem heim, lagar middag og fått ungane i seng er eg ferdig for dagen....
Så derfor lite oppdatteringar her.. og eg kan ikkje love at det kjem til å bli så mykje oftare heller.. Kanskje etterkvart?? :) Er litt ute av "trening" etter vel eit år som heimeværande.. korleis får det tida til å strekke til med alt??


Men iallefall.. eg oppdatterar butikk bloggen med jamne mellomrom. Og akkuratt no har vi ein konkurranse på gong! Vi deler ut gåvekort, verdi 500kr.. :)

Har du lyst å vinne???

Stikk innom bloggen vår og følg instruksane der.. :)


PS! Frank er sjuk.... arg! Magesjuke.. vil ikkje bli smitta!! Finst det gode råd korleis eg kan ungå det??


God helg!!!

1 kommentar:

Sigrid sa...

Vaske vaske vaske hender. Einaste rådet som faktisk hjelper :)