mandag 10. august 2009

På tide med ei oppdattering

Vi var så heldige å bli inviterte med på tur denne helga av våre kjekke naboar, Annfrid og Jørn. Og vi var ikkje vanskelege å be!
Vi pakka med oss og reiste til Eiksund, eller rettare sagt ut på Eika. Annfrid har eit gammalt gardsbruk ståande der til disposisjon. Eit koseleg tun med ei gammal løde, vedasjul med ute-do og eit hus. Dei har holdt det ved like, og stelt der så fint! Ho fekk verkeleg vist fram perla si frå si beste side!
Og ungane stor kosa seg der! Dei fant seg til rette med ein gong vi kom inn på tunet!




Tusen takk for ei kjempe koseleg helg! Kjenner eg er litt misunnleg på dei som har tilgong til ei slik perle!

Det har blitt lite oppdattering her på bloggen siste tida. Og eg kan ikkje love at det blir så tett i mellom innlegga framover.. Eg jobbar for fullt på butikken når eg har tid (følg med på butikk bloggen), Frank jobbar vekk i vekene igjen. Så tida strekk ikkje til.
Hallvard byrja med tilvenning i barnehage i forige veke, og det gjekk så mykje bedre enn eg hadde venta! Han fant seg til rette med ein gong! Og Adele er så snill og omtenksom og passar på at veslebroren, eller kompisen min som ho kallar han for tida, har det fint til ei kvar tid. Trygt og godt for Hallvard å ha ei snill storesøster at med seg!
Så idag hadde han sin første fulle dag, og det gjekk så fint.. :)
Ellers skal vi på tur denne helga og! Men utan ungar denne helga. Gru-gler meg.. Har ikkje vore frå ungane ei heil helg før, så det blir spennande. Men skal bli godt med ein kjæreste-tur til Bergen.. :)
Ha ei fin veke!

1 kommentar:

Randi sa...

Ja, dette såg ut som ei ekte perle! Så flotte bilder du tek :) Kjekt at Hallvard finn seg til rette i barnehagen. Såg han i dag, virka veldig fornøgd:) Lukke til vidare med jobbinga med butikken, vi er mange som gleder oss. Og GOD TUR i helga, kos dokke masse!!! :)