søndag 10. mai 2009

Premie

For ei stund tilbake var eg så heldig at eg vann ein konkurranse som Annika hadde på bloggen sin. Ho hadde jubileum og eg vant premien! Hurra hurra!
Lørdag kom pakken i posten, og her ser de kva innhaldet var:
Diverse lokale prosjyrer, med tips om kva kommunane rundt oss kan by på her. Må sjå nærmare på dei etterkvart. Ei søt lita veske, drops, slikkepinne og eit koseleg kort. Alt heimelaga (om ikkje ho hadde laga det sjølv..).

Dropsa har eg sjølvsagt smakt på allereie!!! Mmm.. godis!
Annika har ein koseleg blogg der ho skriv om det som oppheld ho, om ikkje du har vore der før så stikk ein tur innom no ved å trykke her.
Vi tok turen inn i Dalsfjorden idag. Var på middag på Rangsætra med olde og oldis (besteforeldra til Frank), og tok turen vidare inn i Steinsvika til Ann Kristin m.fam der vi uventa vart diska opp med ikkje mindre enn 7 ulike kaker (!!!??!!) og godt selskap både for oss vaksne og ungane. Minste jenta deira fylte 4 år denne helga, glad og ikkje minst flink som ho er til å bake kaker hadde ho då laga ein hauuug med flotte, gode kaker!! Så har hatt ein særdeles kjekk og mettande søndag.. Takk for god mat, og ikkje minst godt lag! Har no innteke kvilemodus, og ligg på kvar vår sofa no. Og der skal vi ligge til vi skal i seng...

2 kommentarer:

Anna Lisa sa...

Heldig dame du , som får så flott pakke :)
Kos deg med ei ny veke
Klem

Ann Kristin Øverberg Haugen sa...

Tusen takk for besøket !!!
Det var veldig,veldig kjekt at de tok dokke ein tur inn til oss :)

Ingeborg sovna ti minutt etter at de reiste... Ho har snakka mykje om Adele og Hallvard idag, så de må kome igjen snart !!! :)
Eg har ikkje så mykje kaker kvar dag, men skal nok klare å trylle fram noko...:)

Barnerommet du har laga til vart knalltøft !!!
Trur eg må leige deg til oppussing om ei stund :)