mandag 18. mai 2009

Bilder frå 17.mai

Igår feira vi nasjonaldagen i Volda i strålande sol! Det var ein flott dag. Litt pes er det jo må eg få innrømme, men mest kjekt! Kosa oss med å gå i barnetog, god mat, familie og masse is! Og sjølvsagt kjem her 1 bilde eller 2 eller 10..Tenkte faktisk eg skulle byrje med å eit bilde av min kjære. Stasleg var han, om solbrillene kanskje minner meir om mafiaen så var han så fin så!Så er vi godt på veg i barnetoget. Og ingen av dei syns eigentleg det var noko særleg. Mykje bråk og folk, og varmt ikkje minst!.. ja, det vart i meste laget midt i sovetid. Så vart litt peiving med flag og slosting om tutten.
Adele så fin i lånt bunad!
Og tilslutt eit bilde av meg og darlingen (faktisk.. eg meinte at vi ikkje har hadde noko normalt bilete av oss. Frank var sterkt uenig! "Hallo.. vi har jo fleire 100 bilder frå bryllupet!?" Men han stilte opp, og smilte fint..)..
Hadde ein flott dag! Men godt det er eit år til neste gong..


1 kommentar:

Anna Lisa sa...

Kjempe fine som dokke var:)
Det var en herlig dag for oss i volda.
Småbarnstreff på fredag kansje?
Ha en fin dag
Klem