lørdag 16. mai 2009

16.mai

Idag fylte vi opp stampen med varmt vatn og fekk gjennomført årets første bad, og Hallvard sitt aller første bad i det fri! Stor stas for store og små!
Hallvard kosa seg ute og kava på heile dagen! Vatn er det beste han veit. Han sitt alltid eit kvarter lenger en syster si når dei tek kveldsbadet. Og det var han som vart sist lei ute på verandaen idag og.. eller, han vart vel aldri lei, men eg måtte til slutt tømme stampen. Vart klisj klass vått over alt.. Vi driv og prøvar å få Adele på gli med potte trening. Er ikkje så veldig interesert enda, men det kjem nok. Håpar å få ho til å slutte i løpet av sommaren.. men vi får sjå korleis det går! Hallvard måtte og teste potta..
Like spennande kvar gong å sjå kva dei har klart å "prestere"..
Det har vore ein herleg dag! Sommaren har virkeleg komt til Volda! Nyt det i fulle drag. No sitt vi og ser Grand Prix. Heia Norge!!
Bunadsjortene er klar og vi gler oss til å feire 17.mai i morgon!
Kort oppsumert.. men bilda talar vel for seg sjølv. Kjenner det er slitsomt å være ute i sola ein heil dag, så spørs om eg klarar å halde meg våken gjennom heile MG-sendinga..


1 kommentar:

Anonym sa...

oj,jammen er dei flinke:)He dei planar om å slutte likt?;)Me he Magnus på pottetrening og.Han e i grunnen veldig flink,men lurer litt på kortid ein kan gå frå potta til do.Men me må vell invistere i ein do-ring fyrst så han ikkje blir redd for å dette ned i......Håper dokke he hatt ei fin feiring:)Klem frå Gunnhild:)