Då er vi komt til 4.juledag, så er vel på tide med ei lita julehelsing her på bloggen.. :)
Vi har kosa oss mykje og har fått gjort mykje allereie denne jula.. :)
Vesle julafta reiste vi til Rovde. Ungane var så spent og gleda seg veldig! Tante Hanne Marta var allereie komt, og bestefar og mormor venta også på oss.. :)
På formiddagen på julafta reiste eg ein liten tur til Volda for å jobbe nokre timar. Når eg kom heim igjen var Runhild med famile der til julelunchen. På bildet er det vesle Elise Adele så stolt held.
Så var julekvelden endeleg der.. :)
Vi fekk ein roleg og kosleg kveld med mykje god mat og mykje fine gåver. Både ungar og vaksne var i ekstase.. :)
Må nytte høve til å takke for alle dei flotte tinga som vi fekk!
1. juledag var vi i ro på Rovde, og 2. dag var vi på Rangsætra på middag hos besten. Vi rakk også ein liten tur innom Olde og Oldis før vi for til Volda igjen.
Sidan har vi berre vore i ro heime.. og hatt nydelege dagar men masse snø!
Kjekt å ha god tid til å være ute med ungane og renne på akebrett og lage snømann.. :)
Eg har vore på jobb idag og skal i morgon, men ellers har eg fri!
Frank derimot måtte steppe inn og brøyte, så spørs kor mykje meir vi ser til han dette året?.. ;)
Håpar de har og vil ha ei fortsatt fin romjul! :)
Så var vi blitt her og fru... Tenk at det allereie har gått eit år sidan vår store dag?? 
Og vesle Hallvard vår vart døypt.. sjå kor liten han var! Vesle skatten vår.. berre baby! Det føles ut som om det var i går..