torsdag 22. januar 2009

Så var vi sjuke igjen.... Adele har egentlig våre pjusk sida jul, av og på med feber. Så hadde ho spysjuka i forige veke. Og no er det influensa her. Full smitte! Alle sjuke utanom mor i hus. Frank har fått seg penecelinkur for halsbetendelse, og eg vurderar å få sjekka ungane og...


Slik har Adele stort sett låge i dag.. Ikkje god stakkar. Feber oppimot 40grader... Treng vel ikkje sei meir..

Ser litt på TV inni mellom. (for første gong i heile sitt liv!!!)
Hallvard bror er heller ikkje god.. Det renn frå nase, auge, munn.. Feber og slapp. Vart lite søvn på oss i natt. Han hosta og hosta... Ikkje kjekt!


Så slik tilbringar eg dagane her i solveigland.. stort sett med ein unge på fanget! Det passa "bra", må eg få innrømme, at Frank vart sjukemeld til mandag.. ;)

Det var oppdatteringa her frå oss... Har forresten endelg funne lysta på å byrje på fotoalbuma igjen! Gjekk igjennom og sende til framkalling i går. Der har eg litt av ein jobb! Både bryllups-, og Hallvard sin album skal lagast. Og Adele sin album må oppdatterast frå det siste halvåret!

mandag 19. januar 2009

Adele 2år

17.01.2007, kl 17.47 kom vesle Adele mora vår til verda. Ho var 3700g og 49 cm lang. Det var kjærleik ved første blikk. Fødselen var hard, men vart gløymt når du endelg var ute! Du var så snill og god. Fornøgd med tilværelsen uansett. Tenk.. det er no over 2 år sidan..


Eg og du.. det er ubeskriveleg kor glad eg er i deg! Du er alt!


Det første familie bildet. Tatt på badet.. Verdas mest stolte foreldre!


Alltid blid.. ALLTID!


Vår første ferie-tur. Camping-livet likte du godt.



Her 6.mnd (på dagen!) gammal, lærte deg då å sitte (inne i campingvogna..).


Ein skikkeleg akrobat var du! Testa ut det meste.. Her 7mnd, og testar ut diverse krype-teknikkar. Så kry!



8 mnd gammal fant du "balansen".. Du trudde det sjølv iallefall. :) Ikkje redd for noko.





9mnd og 10 dagar gammal gjekk du dine første skritt, og 10mnd gammal gjekk du som ein "prest"! :) Flink.. :) Og fortsatt like blid.. :)



17.mnd gammal vart du storesøster. Det gjekk over alle forventningar. Du var så kjærleg med han og passa på. Ville helst ikkje ha noko skriking, då kom du sringande med tutten med ein gong.


Her bilde då du var brudepika vår. Nyyydelege du.. ;)


Så var det blitt to lys på kaka. Og du har fyllt 2 år. Tida flyg.. men vi sitt igjenn med millionar av gode minner!



Avslutta bursdagsfeiringa med å ete av hovudet av alle seigemannane.. Adele i eit nøtteskal. Ho fin på så mykje rart. Aldri tom for idear denne jenta.. ;) Gratulerer med fylte 2 år lille venn! Eg er så ufatteleg glad i deg! :) Go'jenta mi... :)

torsdag 15. januar 2009

Mål for dagen

Ettersom vi har vore litt pjusk her i solveigland.. ligg vi no bak skjema med ting vi skulle ha gjort denne veka! Så eg trur eg skal ta og lage meg nokon mål no i skrivande stund.. Det gjeld å prioritere..
1. Stryke bunads-skjorte (ja, det blir bunad på meg i bryllupet i helga. Eg er like brun som istappane som heng oppunder rafta her, ikkje har eg funne kjole, det er KAAAALDT! Ja, eg treng vel ikkje fleire begrunningar?? Føler meg forresten særskilt vel i bunad.. så det vart eit enkelt valg)
2. Vaske hus ( heeeeile huset! Kvar kjem alt dette støvet frå?? Utsatte helgevasken forige helg sidan eg viste at heile slekta kjem til denne helga)
3. Handle gåve til Adele, nytt BLÅTT(det var koda eg fekk frå brudeparet iallefall..) slips til Frank, og matvarer til selskapet i morgon og kaka eg skal lage til bryllupet.. Og det med begge ungane på slep! Kan ta litt tid...
4. Sy buksa til Frank (den fekk litt hard medfart på julebordet... kremt!)
5. Lage sjokoladekake, gele, pastasalat og kanskje litt anna...
Trur eg må stoppe der.. som de forstår blir det ein seeeeeeein kveld på meg idag! Burde vel egentleg ikkje ta meg tid til å skru på dataen ein gong.. Men i skrivande stund får eg ikkje gjort noko uansett, begge ungane er sure og trøtte og skal snart kvile seg.. Så då sett eg opp turboen!!
Men selskap skal det nok bli.. og kjekkt skal det forhåpentleg bli.. Når eg endeleg er i mål.. Ellers alt bra her i solveigland! ha ei god helg.. tvilar på det blir meir blogging før helga!

mandag 12. januar 2009

Spysjuke....

Yes, då har spysjuka sneke seg inn her i solveigland.. ARG! Så hald avstand folkens!! Som eg skreiv i går merka eg at Adele ikkje var på topp i går. Og når eg endeleg var sovna høyrde eg merkelege lydar og skriking i frå rommet hennar. Frank var ikkje komt seg i seng enda, så eg regna med han gjekk for å sjekke. Men det gjekk ikkje mange sekunda for han ropte etter asistanse...
Det var spy over alt! Grøss og gru! Men det var faktisk ikkje det verste. Å sjå kor redd, elendig og oppgitt jenta blei, var faktisk mykje verre. Så Frank har hatt ei natt med lite søvn. Han la seg inn til henne for å prøve å ungå at ho skulle vokne i spy fleire gongar..
Eg avslutta i forige innleget med at eg håpte på at me skulle halde oss friske og bedre vær.. men det skulle altså ikkje gå i oppfylling! Men men.. får håpe me blir friske til helga då iallefall.
No søv begge faktisk.. og det var godt med litt stilt og tomt fang. Kjenner meg ganske kvalm faktisk.. men eg veit ikkje om det er psykisk eller fysisk.. Det vil vel det neste døgnet vise.

søndag 11. januar 2009

Fredeleg søndag

Idag har vi hatt ein fredeleg dag. Nokon vil vel kanskje kalle det ein sløv dag.. men ein treng det av og til. Og idag har alt gått i sakte tempo her. Starta dagen, (eller ikkje starta) dagen før halv 12!! Det er lenge sidan mor i huset har sove så lenge ja! Frank var så kjekk å stå opp med ungane så.. ;) Adele var ikkje på topp idag. Var varm og klamm, ville helst ikkje ha på seg noko og ville helst sitte på fang idag. Men ho fjasa litt rundt og teikna ei stund. Når kvelden kom, kom og feberen sigande.. Håpar det ikkje er noko langvarigt. Kan vær både tenner eller anna småtteri som blaga henne idag. For vi har ei veke med mykje som skal skje. Ho har bursdag på laurdag, så vi skal feire henne. Og i tilegg skal vi i bryllup i helga.. Så håpar vi slepp disse sjukene som går!




Men Hallvard var i stor form idag! Er så blid og artig nå! Vanlegvis er det Adele som er min faste asistent når eg lagar middag, men sidan ho helst ville sitte på pappas fang, kom Frank med den "geniale" ideen som de ser på bildet. Han meinte att her satt han trygt, og så mista han ikkje leikene sine på golvet.. hehe.. Han stooorkosa seg opp i der! Og spesielt når han fekk gnage litt på grønsaksposen.

Håpar på vesentleg bedre vær i neste veke! No er det så grått og trist at ikkje det fristar å sette foten utfor dør! Og at vi held oss friske!
Ha ei fin veke folkens!
Klem :)

fredag 9. januar 2009

Besta på besøk


Medan eg og Adele laga middag idag fekk vi oss ein hyggeleg overraskelse. Besta kom på besøk! Adele vart så glad at ho nesten datt ned frå stolen ho sto på.. Det er så stas me besta.. :)


Leik og kos blir det alltid når ho kjem.


Og veldi mykje MORO!! Utruleg kor kjekt ein kan ha det med ein kles-stamp! Det blir alltid mykje liv og full fart når besta er her. Til Adele si store begeistring!



Like svette og oppkava begge to! Hærleg! ;)

Bror måtte og få være med på moroa! :)

Og han forsto fort at her var det berre og knipe seg fast! :) Dette var kjekt!

Begge sovna på eit blunk i kveld etter kveldsbadet. Det er så kjekt når besta kjem og lagar liv her! :) Må kome og leike oftare besta! :)

Ellers må eg berre vise fram det søte serviset som Hallvard fekk i (litt forsenka) dåpsgåva av nokre gode venner av oss som var oppom oss her ein kveld. Tuuusen takk! :) Legg merke til den kuuuule matboks-kofferten! :)


Ha ei god helg!!

Klem

onsdag 7. januar 2009


I skrivande stund er eg så trøtt at eg er kvalm.. ja, eg kunna sovna ståande! Men Hallvard er VÅKEN!! Veldi VÅKEN! Det er ikkje noko hemmlegheit at eg treng mykje søvn.. og søvnen min er heilag! Men kva skal eg gjer når Hallvard vil, og skal stå opp kl 04.00???
Det er 3. dagen no han våknar då.... først strålande blid. Så eg prøvar alle mine triks. Puppe litt, kose, synge, gynge, puppe litt meir, riste litt.. puppe meir! La han grine litt.. Tørr bleie.. kose.. hysje.. men NEI! "Eg vil stå opp, må du vel forstå mamma.."
Så.. gi meg eit tips! Om du har..
No er klokka blitt 05.30. Var tenkt å stå opp litt tidleg idag (ikkje SÅ tidleg!..). Eg og Hallvard skal ein tur på Moa idag, ilag med mamma.. Blir nok ein lang dag dette. Men no er vel Hallvard snart trøtt tenkjer eg.. Men eg kjenner at eg byrjar å bli så pass våken, at eg sovnar nok ikkje skikkeleg før vi må stå opp igjen.. (om det blir noko meir soving då..)
Eg forstår vi hadde, og har det veeeldig lett med Adele "sju-sovaren" vår. Ho har sove jamt mellom 14 og 16 timars natt.. Pluss ein eller to gode lurar på dagen. Men men.. vi er ikkje alle like!
No kikar Hallvard på meg.. Han smilar. Smilet er så stort at heile han ristar av iver.. du er jo god då.. ;)

PS! Treng vel kanskje ikkje å sei det.. men bildet er ikkje tatt no.. ;)

mandag 5. januar 2009

Kvardag

Idag kom kvardagen og banka oss i hovudet! Slutt på late dagar og ferie.. Dagen starta med at eg sette meg opp i senga, merka at Hallvard, som har vore så flink å sove i eiga seng lenge no, låg midt i senga og kosa seg. Jaja.. men så slo det meg. Klokka er over 8, Frank ligg her endå, er det ikkje mandag? Så eg vekkjer Frank og han sprett opp. Forsove seg første dag på jobb etter ferien.. Jaja.. Han kom seg avgårde. Så sovna eg og Hallvard igjen, før vi fant ut at Adele skulle jo i barnehagen idag. Ho har vorte ein skikkeli "sju-sovar" i ferien (til våra store glede..) så eg måtte vekke ho så vi rakk dit før 10. Etter å stressa rundt for å finne fram alt barnehage-utstyret vi skulle ha hatt klar (helst kvelden før..) var vi omsider snart klar for å kome oss ut dørene. Åpnar sekken hennar, finn barnehage-rekninga som skulle vore betalt før nyttår. Jaja.. vi har verkeleg hatt ferie her i solveigland iallefall.. Men no er det slutt! Inn med gode, faste rutiner igjen..
Så, når eg var heime igjen, pakka eg ned all jula vår.. Like overraska kvart år over kor mørkt og trist alt det fine vi har gjort i stand til jul blir 1.nyttårsdag! Og slik blei det i år som alle andre år.. Så det var godt å få opp lyse gardiner og andre fargar!
Legg ut litt bilder her som (forhåpentleg) minnar om lysare tider.. :)



Kjekkasen som de ser på bildet fekk Hallvard av ei god venninde av meg. Ho hadde laga den.. den er så sjønn! :) Men den må nok fiksast litt. Ikkje så greit å bli herja med av ein ivrig toåring!
Keramikk-bildet fekk av forlovaren min i bryllupsgåve. Likar det så godt! Det er laga av tanta hennar som har butikken "RAKU" her i Volda. Lysfata er og ei bryllupsgåve.

Dei tova tøfflene fekk Adele når ho var nyfødd. Har ikkje blitt brukt. Er nesten for fine til det.. Men eg skal nok ta godt vare på dei.

Så nå har de fått sett litt av stova mi.
Kvardagen er tilbake.. og det var nok på tide trur eg!
Ha ei fin veke!
Klem

lørdag 3. januar 2009

Tips

Om du har plan om heime kos denne helga tenkte eg at eg skulle tipse om eit kjempe kjekt brettspel. "Brainstorm" heiter det! Det har våre denne jula sin store hit for oss! (ei av årets julegåve til oss gamle nissane..) Klokka bikkar fort både 12, 01, 02, 03.. når me først tar oss nokon runder! :) Prøv det.. trur nok du vil få mykje moro! God helg! :)

fredag 2. januar 2009

Vinterleik

Idag kledde vi oss godt, og gjekk ut for å leike oss i snøen. Det var førsteklasses vintervær! Vi storkosa oss! Både eg, Adele og Hallvard. Jammen er det kjekt med vinterleik!
Her er Hallvard GODT nedepakka så han ikkje skulle fryse. Han følgde med og syns det var spennande. Så kjekt å få sitte i vogna å kike, i staden for å ligge og ikkje sjå noko.. :) Han var utruleg tolmodig etter mange timar ute!

Nye ski! Ein ny opplevelse for Adele. Men ho tok det bra! Og ho syns det var kjempe morsomt! Flira og flira.. :) Både ho og eg. Ikkje noko som er så smittsomt som hjarteleg barnelatter.. :)

"Lunch-pause" og ein pust i bakken.. Godt med snø ja!

Men fortsatt er det kjekkast med akebrett! "fojt mamma.. fojt!"


Hallvard og måtte få prøve akebrettet ei stund.

.. så då leita Adele fram 4hjulingen sin som ho fekk til jul. Men den drog heller dårleg på glatt føre.

Fant ein rattkjelke som "storegutane" hadde lagt igjen i garasja vår. Den måtte vi teste. Og eg seier berre ein ting. Ein slik ønskar vi oss! Kjempe kjekkt å renne! :) Håpar på mange fine vintervær-dagar!

God helg! ...ja, det er faktisk helg igjen allerede! :)

torsdag 1. januar 2009

Nytt år



Så er vi komt til 2009, og eg sitt her og mimrar litt over 2008. Det var eit minnerikt år! På mange måtar. For å ramse opp nokre av tinga...
  • Året starta med at vår vesle skatt, Adele byrja i barnehage i januar. Ein ny kvardag for både meg og ho, etter å ha våre heime eit år.
  • 17. januar. Adele 1år. HURRA!!
  • Eg vart tante til vesle Svanhild 19. februar.
  • Eg vart mor for andre gong! Det største og beste som kan eg kan oppleve.. Hallvard vart fødd 26. juni.
  • Eg og Frank gifta oss 12.september. Ein dag eg aldri kjem til å gløyme.
  • ..samme dag døypte vi vesle Hallvard bror.
  • Førjulstida vår, og jule- og nyttårsfeiringa. Vi har kosa oss så mykje! :) Var så kjekkt å få feire jul heime hos og sjølv, og ikkje minst skape jul her i heimen for våre to små.
  • ..og mange mange små nye ting med våre to små.. Små tenner, nye ord, nye ting små hender meistrar.. Store høgdepunkt i kvardagen vår!

Som de ser så er omtrent alle høgdepunkta for 2008 ting som han med Adele og Hallvard å gjer. Men dei er faktisk høgdepunktet i kvardagen vår! Kva gjor vi før vi fekk dei spørr vi ofte kvarandre eg og Frank.. For livet er så utruleg rikt og meinigsfylt no! Uansett kor trøtt eg er morgonane når dei våknar aaalt for tidleg. Om dei er sure og masete. Om dei sølar og grisar.. Det er verdt det! Eg er så gla i dokke tre. Ja, du er jo ein av skattane mine du og Frank.. :). Gler meg til alt vi skal få oppleve ilag i 2009.. :) Og det blir nok mykje!!Så vil eg ønske alle som skulle stikke innom her GODT NYTT ÅR! Er fortsatt ein fersking her i blogglandia.. men eg er spent på og gler meg til og blogge vidare i 2oo9!

Klem