torsdag 4. juni 2009

"Happi bustdai mamma"

Igår hadde eg tidenes kaldaste bursdag!! Så langt som eg kan huske tilbake i tid og bilder frå barneselkap, har det alltid vore fint vær, sol og sommar.. Men ikkje i år! Det var 7 grader når eg leverte Adele i barnehagen kl 10 i går?! Brrr.. Både hagla og sludda gjorde det i går kveld.
Men uansett.. eg hadde ein koseleg bursdag. Starta dagen med at Adele kom hoppande opp i senga som vanleg, og formidla at "Adele e våken, Hallal e våken.. mamma e du våken?".. Så kraup ho som ho alltid brukar under dyna når ho finn at at eg ikkje er våken (som vanleg..). Etter ei stund spørr eg om ho veit kven som har bursdag idag.
-Hallal?
Nei, svarar eg..
-Adele? (med eit stort forventningsfullt smil..)
Nei, mamma har bursdag idag, fortel eg.
-Åja!! Ska ej synge til dej? Happi bustdai mamma, happy bustdai mamma, happy bustdai maaammaaa.. trallar ho i veg..
Og når ho er ferdig å synge sei ho:
-Ej ska lage kl(r)one til dej mamma.. men fyst må vi ete flukost..
Ho er så nyyyydeleg lisje skatten min!! Kunne eg fått ein bedre start på 25 års dagen min???
Ellers gjekk dagen som vanleg. Frank er på jobb igjen etter pappa-perm. Så han er vekk i vekene. Men hadde besøk av både litt slekt og venniner i løpet av kvelden. Fekk både kake, godis, koselege kort, blomster og pakkar.. Så hadde ein super koseleg dag!
Må berre nytte høve til å takke for helsingar på telefonen, melding og på facebook! Er fortsatt heilt overvelda! Trur ikkje det var nokon som gløymde meg i går.. Ære være facebook! ;)
Ellers ser det ut som vi ikkje er heilt ferdig med denne magesjuka til Hallvard. Men no er det Adele sin tur.. Aaarrrg! Men men.. Vi får sjå korleis det går i natt.
Ha ein fortsatt strålande kveld! Tenn lys, fyr i peisen og kos dokke inne!
PS! Eg må berre få spørr.. det er litt flaut.. men eg klarar ikkje å koble! Du som legg igjen så koselege kommentarar "RS", kan ikkje du sende meg ein mail så eg veit kven du er?.. Litt fjams ja.. men klarar ikkje å koble.. solhanes@hotmail.com
Hadde vore så kjekt å vite kven du er.. :)

Ingen kommentarer: