Ja, idag har eg altså overgått meg sjølv. Tykkjer faktisk det er på sin plass og skryte litt av meg sjølv! Ja, faktisk! :) Sjeldan eg gjer det.. men idag gjer eg altså det. Eller det er ikkje akkurat meg eg skla skryte av, men den heeeerlege middagen eg laga! :) Bestemte meg for å droppe den typiske laurdags-kose maten (pizza/taco/lasagne...). Sidan mi svigerinne Aina hadde hatt eit "uhell" i heimen, der
einkvann hadde gløymt å lukke att frysaren etter å ha henta seg ein is(!). Hadde ho svært mykje mat som måtte brukast idag. Så frank kom heime me eit flott stykke hjort. Så eg heiv meg rundt å laga hjorte-snadder. Servert saman med fløtegratinerte poteter og tyttebærsylte. Det var overrakande godt! Faktisk ein suksess! :)
Så nå ligg vi her på kvar vår sofa, eg og Frank, aaaalt for mette! Stapp mette! Han ser på fotballkamp(!!!?) og eg sitt her og trykker litt.. Dataen vår (som er knappe månaden gammal!!) er berre tull med, så Frank meiner eg skal legge den frå meg no, så får heller finne meg ei bok før daten klikkar heilt og EG får skylda. ;)
Frank er så heldig, evt uheldig at han har bursdag på farsdag i år faktsik! :) Så i morgon skal vi gjere stas på gode pappaen vår!! :) Gleeeer meg! Kjem nok eit lite referat.. :)
Gog helg til dei som skulle kike innom min enkle blogg.. om det skulle vær nokon då!