tirsdag 23. desember 2008

Lite tid..


Lite tid.. det resultatet lite blogging! Tida forsvinn for meg! Og no er jula her! Alt eg hadde tenkt eg skulle få gjort har eg ikkje fått gjort.. men men.. Jula er så nær så den kan bli no, og eg trur nok vi skal få det koseleg! Julegåvene er kjøpt, pakka inn og dei fleste er levert til dei som skal få. Og var på REMA no i kveld og fekk handla inn siste rest av matvarer.. Det anbefalast! Å handle på kveldstid altså.. Var nesten ikkje folk, så fekk gå i ro og fred. :)

Så no gjenstår litt meir vasking ( er ikkje vits i å ta det før rett før med to små som smular og grisar med det meste..). Har tatt nokre gongar allerede, men Frank meinte at no er det ikkje vits før me er i mål og ungane er lagde i morgon.. :) Sant nok. Og så må eg vel leite fram resten av pynten min.. skal nok bli jul her i Solveigland og! Juletrede vil eg ikkje ha i hus før i morgon, og helst etter at ungane er lagde.

Veit ikkje om det blir meir blogging på meg før jul... Tvilar på det. Så eg vil ønske alle som skulle kike innom ei RIKTIG GOD JUL!!!

Ikkje stress med alt som ikkje er gjort.. men kos dokke!!

KLEM

2 kommentarer:

Anna Lisa`s hjerteblogg sa...

Har savna deg faktisk:)
Men sån er det tida mi strekk ikkje til her heller. Blogga litt men har aldri eller sjelden tid til å besøke andre blogger.
Håpa dokke har hatt det fint i jula.
Ønska deg ei fin romjul
Klem

Anna Lisa`s hjerteblogg sa...

p.s nydelig bilde av barna:)
Klem