fredag 5. desember 2008

Ein kjekk dag

Starta dagen med at begge mine to små håpefulle sov til nærmare ni! Vanlegvis er vi i full sving i sju-tida.. så det var ein herleg start på dagen! :) Fekk kjapt unna frukosten, laga niste og kledde oss for å fare. Brukar å fare på småbarnstreff på frikyrkja viss det passar seg slik på fredagar. Og idag skulle Julie med sine to og være med, så vi var gleda oss ekstra idag. Og det var som alltid kjekkt! Ungane sprang og herja, og mødrene kakla og preika. :)
Julie med sine to (janna snart 2år og Ramona 7mnd) blei med oss opp igjen. Og alle fire sov faktisk i godt over ein time! Ikkje verst.. :)
Når Adele og Janna byrja å bli slitne etter ein lang leikedag reiste dei heim igjen.
Sjå for ein herleg gjeng då! :) Hallvard kosar seg med jentene. Anne Marta og Thea(1år) var her også og leika ei stund. Kjekkt! :)
Den go`gjengen!

Det har ikkje blitt laga dei sju slag her i huset. Men prøvar å lage litt godt når me har lyst til det. I ettermiddag laga vi ein av mine favorittar. :)

Adele svært nøgd med resultatet. "mamma make??"


Her ser de resultatet. Ei kjempe god og enkel småkake. Så om nokon freistar og prøve den kjem oppskrifta her:
AMERIKANSKE SJOKOLADERUTER
100g mandlar
150g smør
30g kakao
3egg
3dl sukker
2,5dl mjøl
1/2 ts bakepulver
Pisk egg og sukker til eggedosis, Smelt smør og bland i kakao- avkjøl. Bland så i mjøl og bakepulver. Ha røra i ei smurt langpanne. Steik i 30min på 150grader.
Avkjøl og skjær den så i ruter i ønska str.
Enkelt! :)


Når boksa så var full og ungane var lagde spurte Frank om ikkje vi skulle ha noko godt til kvelds. Og eg takkar ikkje nei til det. Så ikkje lenger etter fekk eg servert kylling i indisk-karri saus med ris. Veeeldi godt. Takk Frank! :)

Så det vart ei veldig god avsluttning på ein veldig kjekk dag! :) Er heilt utruleg kjekkt å ha blide friske ungar igjen!

Ha ei god helg!


2 kommentarer:

Sigrun Kristine Nordahl sa...

Å kor deili det såg ut då;-) nam nam..

INGRID sa...

Hei ja! Litt lite blogging ja, det kan du sei.. he hatt nok med skule i det siste egentlig, ikkje at ej he lest so mykje, he egentlig stort sett hatt dårlig samvittighet for at ej ikkje he lest! og det me e travelt, so no skal ej ta mej sammen! :)
va kjedelig at dokke ikkje va på frokosten da, men det va no ingen tvang, vakje alle andre so va der heller, men en god del :)
Me ser vel i morga tidlig håpe ej!