tirsdag 28. april 2009

Stolt mamma..

Grunna dette fine været som vi har utnytta oss av dei siste dagane blir det lite tid inne, og då lite blogging. Har eigentleg ikkje tida til å sitte her å trykke no heller.. Men eg må berre få skryte av Hallvard. Søndag tok Hallvard sine første små skritt!! På dagen 10mnd gammal. Flinkisen min... Ja, som mor er vel lite som kan gjere meg meir stolt! Skal ikkje sei at han går, men han prøvar heile tida. Maks 2-3 steg før han dett på stumpen. Men han lærer nok å blir meir stødig for kvar dag. No er han så utolmodig og gira heile tida, at han rekk ikkje finne balansen skikkeleg før han har sett seg ut eit nytt mål. No ventar vi på at mormor skal kome på besøk, og at skodda skal lette. Ja, eg er opptimistisk og trur det blir sol idag og..
Ha ein fin dag!
PS! Barnerommet oppe er no så godt som ferdig. Ferdig å måle, nytt golv er på plass og nye lister er straks på plass. Blei ganske bra. Skal skrive meir om det ein anna dag. Må få tatt litt bilder først..;) No har eg ikkje tid..

2 kommentarer:

Livets landeveg sa...

For ein flinking! :)

Annika sa...

Så flink han er!
Takk for kosleg kommentar på bloggen min. Eg veit kor det er, er ikkje alltid eg heller føler eg har tid (eller fantasi) til å legge att kommentarar, så du skal ikkje ha dårleg samvit for det:)

Ynskjer dokke ein fin dag!
Her har skodda letta, håper den har det der også!