torsdag 2. april 2009

Male, male, male...

Iallefall i kveld.. men nei, eg er ikkje ferdig! Har hatt meg ei lang pause (iallefall nokre dagar..) frå malinga. Har vore sliten etter lange dagar som dagmamma. Men i kveld fekk eg endeleg mala første strøket på vinduskarmane (noko eg ikkje såg fram til.. eit pirk!!!),så no er eg i gong igjen. Er egentlig veldig klar for senga, men sidan eg lovte at eg skulle blogge idag, kjem her eit lite innlegg. Tenkte eg skulle vise kommoden eg har mala. Syns resultatet vart bra. Iallfall fornya.. Slik såg den ut før eg byrja. Kjedeleg og ganske stygg egentlig..
Og her kjem etter bildet. Stilig??
Nye knottar var eit must! Dei gamle gjekk rett i søppla, tru meg!
Det var det det vart idag.. skal rett i seng! Kanskje eg våknar frisk og utkvilt (etter kl 6.. som er tida Hallvard likar å stå opp for tida.. kryssar fingrane for at eg skal klare å snu han så han klokka nærmar seg 8..) og får gjort mykje i morgon! Har som vanleg alt for mykje som burde gjerast i morgon og.. Vaske, rydde, vaske, rydde.. og male.. Som vanleg! Forstår ikkje korleis folk rekk å gå på jobb..!?

4 kommentarer:

Kristine sa...

Sjå her ja;) Kommoden vart jo kjempe fresh! Vart eit heilt anna møbel. Veldig modig farge, men gud det vart stilig!;) Ditta kan du.

Anna Lisa sa...

Joda.
Planen er å kome på småbarnstreff :)
Sjåast!!
Klem

Annika sa...

Kommoden blei skikkleg frisk med ny farge!!:)

Det gjorde at eg sat meg til å tenke "kva kan eg male i ny farge, tru?" - men vi har vel meir enn nok å male, med ei brun trapp som skal bli kvit, må det nokre strøk til - vinduskarmen krevde 5...

Ynskjer dokke ei knasande god helg og påske:)

Mariann Raudøy sa...

Kjempefin blogg du har, måtte kike litt på den etter at eg las Møre. Gløymde å legge igjen kommentar då, så gjer det no. Kommoden vart lækker, eg hadde ein sameleis kommode som no er vorte kvit og fått nye knottar, eit heilt nytt møbel :) Stakkars Frank då, men håpar de får ei ok påske likevel :)