søndag 19. april 2009

Huska du mej??

Det har denne helga stått mykje på plakaten her i solveigland. Så då blir det lite tid til blogging.. Høgdepunktet må vær det nydelege været vi har blitt tildelt denne helga! Det er berre fantastisk! Kameraet har eg lagt igjen inne saman med alt rot, husarbeid og anna inne-sysler (som data og TV-tid..).. Men eg knipsa nokre bilder idag formiddag..
Nabo hunden vår Wilma var ein tur ned på leikeplassen idag til borna si store glede! Adele fekk til og med går tur med henne heilt åleine.. Stor glede for ei lita jente!

Hallvard blir aldri lei ute i sanden. Han kan sitte i fleire timar uten å klage i det heile tatt! Skikkeli ute-gut er han! Klagar kunn når han må inn...

Mange var ute å koste seg i fineværet. Og kjekt der det når dei tek seg ein tur bortom oss.. Her er nabojenta ute og leikar med Hallvard.
Adele sitt sjølvportrett..


Fredag var vi i barnesleskap til søskenbarnet til ungane som vart tre år. Kjempe kjekt! Mamma/mormor var der også, og etter avtale skulle ungane bli med henne heim etterpå, medan eg og Frank skulle tilbake til Volda. Vi hadde fått oss billettar til Postgiro Bygget (som forresten var knakande kjekt!!!!). Adele har våre på Rovde mange gongar åleine. Men vesle Hallvard min, har ikkje sove vekk frå meg før. Så hønemor var passe spent!
Men det gjekk kjempefint, vi fekk ein kjempe koseleg "frikveld"saman med mykje gode vener! I tillegg til at vi fekk sove lenge.. Thanks mum!! Og ungane storkoste meg.. gjekk så fint!!

Så når eg kom og skulle hente dei på laurdag vart Hallvard kjempe glad (heldigvis!!..), medan Adele berre sa hei, før ho sprang vidare etter onkel "Tovald". Men når vi litt seinare satt og spiste middag ser Adele på meg og seier
-Hei mamma.. Huska du mej? Ej heite Adele.
Måtte flire litt då ja.. ;)

Frank har skrua på ein russebil idag og igår. Så har ikkje sett så mykje til han. Men når han kom heim i dag, fekk vi starta på grill sesongen 2009! Mmm.. blir nok ikkje lenge til det er varme på grillen igjen om dette flotte været skal halde fram!


3 kommentarer:

Ann Kristin Øverberg Haugen sa...

Hahahaha :)
Dei er berre så vanvittig gode,desse ungane !!!
Gullkorna kjem tett som hagl, og det er slikt vi kan leve lenge på :)
Ingeborg sa ein dag til broren sin når han ikkje ver heilt einig med henne:"Jeg er ikke sint, jeg er bare veldig,veldig skuffet"...
Sjølvsagt heilt grav alvorleg...
Dei får med seg mykje meir av alt slag enn vi trur :)

Vi skal takke og vere glade for kvar dag !!!
Det kan av og til vere vanskeleg og hugse i ein hektisk kvardag,men då lyt vi minne kvarandre på det!!!

Takk for sist :)
Det vart ikkje mykje eg fekk prate med deg, men det var VELDIG kjekt å sjå deg !!! :)
Håpar det ikkje vert så lenge til neste gong !

Klem frå Ann Kristin

Elisabeth sa...

Så fine bilder:)
Utrolig deilig at våren/tidlig sommer endelig har kommet! Har helt glemt hvor sliten man blir av å være ute i sola hele dagen, hehe.

Takk for fin kommentar på bloggen min:)

Solveig sa...

Vart ikkje så mykje eg fekk prata med deg på fredag nei. Slik blir det når imse-vimse endeleg kjem seg "ut blant folk".. Det er alt for sjeldan, og mange eg skal rekke over.. Men vi får ta det igjen veit du.. ;)
Kjekt var det iallefall!!!