lørdag 11. april 2009

Det er påskeaftan. Huset er pynta til påske. Dei fleste har påskeferie. Men det er alikevel ikkje påske. Eller.. påske er det. Men eg klarar ikkje å finne påskefreden i år.
Frank er heldigvis komt heim frå sjukehuset no, og er på bedringens vei! I tillegg til lungebetendelsen fekk han blodforgiftning. Så det vart eit litt lenger opphald på sjukehuset enn først venta. Men han er bedre og bedre for kvar dag! Kjekt å ha han heime hos oss igjen!
Denne påska har for meg vårte påska med tid for ettertanke. Eg har tenkt og tenkt.. Heldigvis har eg mine to gode, søte skattar som oppheld meg og mine tankar mesteparten av dagen. Men med ein gong eg har eit lite pusterom går mine tankar til alle som har det så vondt rundt oss no...
Livet er så sjørt og brutalt.. men uansett så må livet gå vidare. Når ein får slike tragiske ting på ein slik liten plass som eg bur på, blir det så verkeleg. Så intenst.. Trur det er viktig og fokusere på det positive i livet i slike stunder, uansett kor vanskeleg det enn måtte vær. Huske å være takksame for dei små, kvardagslege gledene.
Sjølv om denne påska har vore spesiell for oss, har eg fått tid til å være saman både med familie og venner. Og glad er eg for det.. I morgon reiser vi til Rovde ein tur. Det gler vi oss alle til..
Vil ynskje alle ei fortsatt god påske..

2 kommentarer:

Anna Lisa sa...

Det har vore tøft å takle det som skjedde. Grusomt, og mine tanakar går mykje til dei pårørande også. Eg er sliten av å tenke får denne ulykka ikkje ut av hodet. Så uendeleg grusomt.
Ønska deg fin dag vidare. Sjåast kansje neste veke
Klem

Annika sa...

Ei forferdlig ulukke, det vart nok ei spesiell påske for mange vil eg tru. Eg er berre så glad for eg har mine, og kan kose meg med dei.

Har vore litt bloggpause her også, har ikkje rekt å blogge så mykje om sjølve påska endå, men det kjem i løpet av veka tenker eg - forhåpentligvis i morgon...

Ja, ser no at dokke også var på Rovde i går. Vi kom heim i dag. Deilig å slappe av der litt!

Håper Frank begynner å bli frisk no.

God natt!