fredag 20. februar 2009

Fastelaven

Søndag er det fastelavens-søndag. Og tradisjonen tru har fastelavensriset kome i hus.. Eg må berre innrømme at det ikkje er det vakraste eg veit (faktisk noko av det styggaste..), men det høyrer med! Og viktigast av alt:Ein støttar ei veldig god sak! Sanitets-damene i bygda gjer ein formidabel innsats! Ære være dei! :)
Så då får det berre vær kva eg personleg tykkjer om buska med fjær.. Driv og flyttar på den rundt om her.. Har prøvt på kjøkkenet, spisebordet, på sjenken og no nede i gangen.. Blir ikkje heilt tilfreds.. men den får stå der til over helga iallefall..
Ellers blir ikkje fastelaven feira noko meir her i huset. I vår apsolutt-minst-mulig-karbohydrat-tider, er det iallefall ikkje aktuelt å lage fastelavens-bollar.. OMG!.. Må sei at det hadde vår rasande godt.. men eg klarar meg fint uten!
God helg!!!


2 kommentarer:

Elisabeths Ingeborg sa...

Ahh! Godt å sjå at det ikkje er berre eg som ikkje likar dissa greinene! Men det er, som du seier, noko som høyrer med!
Blir ikkje det bollar og saft på dykk på søndag heller? :P

God helg! Og kos dykk mykje:)

-Elisabeth

Sigrun Kristine Nordahl sa...

Heheheh :-) sitte her å ler... å må sei mej HEILT enig i ditta fastelavensriset ja. I grunnen ikkje nåke spes fint å sjå på nei..
Merkelig tradisjon i grunnen :-)
Å tilbake til karbohydratane i dissa bollane, so e det vel nokk ta både det å anna i dei ja.
Kor det e me dokke ellers då?

Gode helg :-)