torsdag 12. mars 2009

Torsdag..




No sitt eg og ventar på at ungane skal våkne så vi får komt oss i bilen. Må krype til korset.. legevakta here I come! Jada, potte tett enda, så no må eg ned å sjå om eg får meg pencelin. Maktar ikkje fleire dagar me denne intense hovudverken.. Ibuxen har ikkje mykje effekt lenger. Men har ikkje hatt noko særleg med feber så har drøya legevakt-besøket lengst mulig..
Men men.. kjem seg nok snart! Ungane er heldivis så godt som friske, og det gjer dagane så mykje kjekkare! :)



Har våre mykje ute og kosa oss i fineværet (sikkert ikkje så lurt av meg, men eg tek ikkje meg sjølv som første prioriteten for tida..) dei siste dagane! Er så herleg! Nesten litt vårleg! Naboane styrar og stellar i hagane sine (det gjer ikkje eg sidan hagen min også i år er under arbeid!?..) og ungane spring i gata.. No gler eg meg virkeleg til vår og ikkje minst til sommaren!! :)
Tida gjekk i frå meg.. så eg måtte berre hive meg i bilen å kome meg til doktor før eg publiserte innlegget. Men no er komt igjen iallefall. Bihulebetendelse var diagnosa (ikkje så uventa..) så fekk meg pencelin. Så no skal det snart bli full fres her i solveigland igjen.. :)
Som de ser kooosar Adele og Hallvard seg ute. Hallvard har begynt å leike (les ete) seg i sanden. Det er så kjekt at dei leikar seg ilag. Dei har meir og meir glede av kvarandre for kvar dag som går..!

Apropos vår.. ja, vi har fått på sommardekka! (...!?) Jada.. Frank hadde bestilt nye felgar og dekk og var usikker på om det var rette varene han hadde fått, så han måtte prøve dei på. Og når han først hadde skifta det eine og sett at dei passa, måtte han ha på dei andre og... Så vi har fått sommardekk på (skikkeli lurt når vi bur langt opp på fjellet!.. må nok regne med nokre snøfall til denne sesongen.. korleis skal det gå??)

Og når eg snakkar om min kjære, han jobbar vekk i vekene no. Og eg må innrømme at eg ikkje syns det er noko særleg. Både eg og ungane savnar han.. Men i kveld kjem han igjen! :) Er glad eg ikkje er gift med ein sjømann.. Ære være de som er det.. de er tøffe!

Men no må eg lage kveldsmat og rydde og anna ymse...

Ha ein fin torsdagskveld!! Det skal eg!! :)

1 kommentar:

Anna Lisa sa...

Heisann!!
Kjekt å sjå gulla dine leike ute og kose seg. Kjekt med vår.
Eg har gått rundt vatnet kvar morgen dinna veka, og storkosa meg. I morgå har eg plana om å gå opp i frikyrkja etterpå. Kjem du?
Ha en flott torsdagskveld du også.
Klem