søndag 1. mars 2009

Så har vi blada om til mars på kalenderen. Tida går fort, og denne månadan trur eg vil rase av gårde! Har mange prosjekt på gong for tida... pluss at eg skal vær ein del dagmamma denne månaden. Blir nok ein innhaldsrik månad!
I går tok vi turen inn på Rangsætra for å besøke oldeforeldra til ungane (mine sviger-besteforeldre). Og som alltid når vi kjem er vi sikra ein koseleg dag!

Det første Adele gjer når ho kjem, er å finne fram alle tomme beger, for då skal det byggast høøøøge tårn! Og kjekkast av alt rive dei ned etterpå. Olde er like ivrig som ungane i leiken.. :)

Hallvard var ikkje heilt på topp, hadde litt feber og ville helst sove. Men stort sett var han fornøgd. Kjekt når pappa leikar saman med han. Adele hjelper olde med å koke graut..

Og besten stakk nedom og fekk smake litt... Flaske lambet mitt..
Vår strålande olde! :) Gode, snille du..


Kor stor er Hallvard? SÅÅÅÅÅÅ STOR!!
Endeleg kom oldis inn etter å ha vore i skogen og veda. Jobbar og står på heile tida.. Ikkje alle born som har oldeforeldre som jobbar i skogen! Dei er så ufattelig heldige som har slike spreke, supre oldeforeldre! Står på heile dagen inne og ute. Alltid eitt eller fire gode måltid på lur, ein god klem og lune smil.. :)

Så ein liten konkuranse.. Kven er dette?? Og kven har størst mage????
Hehe... (noko internt..)
Begge ungane hadde litt feber i går kveld når vi la dei, og dei hostar og snårar.. Håper på det ikkje blir så mykje meir. Men held oss inne idag. Surt og kaldt ute. Var jammen ikkje lenge snøven fekk ligge nei. Ellers skal eg til å byrje på middagen og steike hjortebiff.. mmm..
Ha ein fin dag! :)

5 kommentarer:

Ann Kristin Øverberg Haugen sa...

Kor koseleg !!!
Det er verkeleg verdifullt å ha spreke, gode og kloke oldeforeldre :-)
Eg har igjen berre ei bestemor, men ho er til gjengjeld verdt si vekt i gull !!!
Måtte ha meg ein tur på besøk til henne i veka som var for å få litt oppmuntring.
Og det fekk eg til gagns :-)
Godt for borna våre å få oppleve å verte kjende med dei eldste !!!

Og, eg såg kven som hadde minste magen...
Kjell Einar prata med, og såg Frank på fredag, og han var heilt
imponert !!!
De er dyktige !!!
Klem

Solveig sa...

Ja.. e berre so herli å kome inn dit på besøk! :)
Bra du fekk dej litt oppmuntring.. e spent på kor de ordna sej for dej A-K!
Åja.. ditta siste bilde va litt internt! Han Erik e vel den so he mobba mest når de gjelde store mage. Adele drive å knipsa bilde i vilden sky, å når ej såg ditta bilde berre måtte ej tirge nå gamle-far litt tilbake.. hehe... ;)
Men de går veldi fint du.. :) Ete å kosa oss, å vekta går nedover jamt å trutt! :)
Klem

Tante Hilde sa...

Så koselig-eg skulle egentlig ha vore der eg også-men eg skal dit neste helg i staden. So kjekt at dei får besøk av dokke-det set dei umåtelig pris på. Og spreke e dei jammen, og dei he alltid sett pris på ungar. Syns eg såg at Frank he minka-så flinke..

Ingrid sa...

Ser godt at han minka ja! Masse fine bilde, Hallvard me begynne å bli store, heilt rart at han begynne i barnehage til hausten... :)

Bilde skal nok kome, men ej må få sendt na Are på jobb først so ej fe ordne ditte heilt sjøl! Gidde ikkje å begynne når han e heime, han ekje so glad i sånt, hehe.. ;) Du he no lov å ta dej en tur også, enten på dagtid med smågolla, eller kanskje me skulle hatt oss en kveld med litt vin en gong.. :)

Anna Lisa`s hjerteblogg sa...

Så heldige dokke er som har så spreke flotte oldeforeldre!!! Eg misunner deg litt her....
Koselige bilder :)
Håpa dokke slepp unna feber og sjuka nå da. Eg er så vidt på beina att. Får i meg lite mat, men får i meg drikke ihvertfall.
Og i kveld oppdaga eg Tryggve`s første tann :) Så artig hehe :)
HA ei fin veke vidare
Klem