torsdag 19. mars 2009

Litt skryt.. og litt anna..

Det er vel ingen som er så stolt som oss mødre når våre vesle små meistrar nye ting.. Så idag tenkte eg skulle skryte litt av vesle skatten min. Han er blitt så flink! (i mors auge iallefall..) Igår når eg holdt på å ta utav oppvaskmaskina var Hallvard på plass som vanlig. Det er det kjekkaste han veit å få rote i bestikk-korga. Om dei er skitne eller reina spelar inga rolle for han. Og igår når eg kika ned på han sto han stolt som ein hane med ei skitten skei i eine handa og ein lypsyl i andre. Han sto heilt åleine altså.. uten å stødje seg i noko!
Eg så stolt.. sprang for å finne fram kameraet for å forevige sensasjonen (.. også i mors auge..). Men eg vart selfølgeleg for sein.. men men.. Flink er han syns eg uansett..
God guten til mamma.. ja, for han er ein skikkelig mamma-dalt! Litt travelt til tider, men mest kos! Adele har våre pappa-jente frå dag 1, så litt stas er det med ein liten mamma-dalt.. ;)



Som om det ikkje var nok skryt, må eg skryte litt til. Hallvard er nemmeleg blitt ein reser å kome seg dit han vil, han kjem seg over dei fleste hindringar, og i går knekte han "trappe-koda". Av gammal vane sette eg han igjen i gangen nede medan eg skulle hente noko oppe. På vei ned igjen i trappa møtte Hallvard meg halvvegs.. Så nå må eg passe på her...
No skal eg slutte.. å skryte altså!
Eg og Adele skal ta oss ein tur ut i det nydelege været! Det er berre heilt fantastisk! Hallvard søv, så då får vi leike oss litt i "fred".. Ellers må eg vel pakke litt idag. I morgon reiser vi til Bergen! Gler meg så....! Litt spent på kjøreturen.. men kryssar fingrar for at ungane er tolmodige og blide.. :) Og at bilstolen som eg har bestilt til Hallvard kjem idag! Var lovt å få den før helga.. satsar på at den kjem.. :)
Så.. kom dokke ut folkens! Dette fineværet må nytast.. :)

6 kommentarer:

Elisabeths tankeverden sa...

Så hærlig Solveig;) Slikt er stas, så ikkje unnskyld deg! La oss få høyre meir;)
God tur til helja;) Må kose dykk mykje!!!

Ingrid sa...

Lykke til med kjøringa! Ej lurte litt på å være blindpassasjer og barneunderholdar til dej, men ej skal visst heller til Trondheim :)
So kjekt at han står allereide! Gleda mej til å sjå meir til na til hausten :)

Anna Lisa`s hjerteblogg sa...

Han er kjempe flink!!!
Tryggve har nok også knekt trappekoden...vi måtte sette opp grind i forgårs. Han er overalt!!!
God tur til Bergen!!
Kos dokke!!!
Klem

Livets landeveg sa...

jaaa, en heil del ting ;) Kunne sikkert ha fylt ett par lastebila, der eno so masse fint! ;)
Kor flinke han e som står! tidlig ute vil ej påstå:D

Solveig sa...

Tusen takk folkens!! Vi ska kose oss nesten so me blir kvalme.. ;)
Og Ingrid, det hadde vår supert kjekt om du hadde blitt me! Men he allerede ordna mej med underhaldning.. hehe.. ;) Men vi må ta å finne på nåke en dag.. :) MÅ!

Anonym sa...

Kjempe flott:)Dokke må ha kjempe god tur:)Litt sjalu,skulle gjærne vore på ikea men men;)God helg:)!Klem frå Gunnhild:)