lørdag 7. mars 2009

Sjuk, singstar og sånn..

No er det stilt i huset.. Hallvard har seg ein liten ettermiddagslur, og Frank og Adele er borte hjå ein nabo av oss og byggjer platting. Adele storkosar seg saman med karane.. ;)

Eg er ikkje i form idag. Begynte å kjenne på det i går. Halsen er sår og nasa potte tett! Travelt!!... men verst er det faktisk med denne hovudverken!.. Blir så sliten av den.. Men men.. Skal ta det med ro idag, så er eg forhåpentligvis på topp i morgon.
Igår kveld var eg invitert opp til ei vennine av meg. Vi fekk beskjed om å varme opp song stemma og ta med eit instrument.. Ja, instrument! Og om ein ikkje hadde noko instrument kunne ein jo berre lage seg eit. Alt låg til rette for ein skikkelig jente-kveld! Og idag når eg logga meg på facebook kom bilda på rekke og rad.. Her er eit av dei:

Singstar engasjerar! Tusen takk for i går jenter! Hadde det super kjekt!!!! :) Men skal passe bedre på alle snik-fotografane som knipsar i tider og utider og publiserar på nettet.. ;)

No skal eg legge meg og kvile litt mens det framleis er stilt i hus.. Gler meg forresten til premiera på "Det store korslaget" på TV2 i kveld! Håpar det ikkje blir nokon nedtur..

Ha ei fortsatt god helg! :)

4 kommentarer:

Anonym sa...

God bedring og god helg:)!Klem frå Gunnhild:)!

EGSET/BRAUTASET sa...

Hehe..såg ut som dokke hadde det kjekt hos Anne Grethe i går kveld. Korlies gjekk d me ho so debuterte på gitar då? va ho flinke? hehe..
God bedring og fortsatt god helg :)))

Englemor sa...

Hm... skal tru om eg ikkje har sett nokre fleire bilete av desse jentene på fjesboka..:)
kjekt

Solveig sa...

Veit ikkje om eg understreka det sterkt nok i innlegget.. men vi hadde de fantastisk morsomt!!!! :) Og Anne Grete er blitt ein reser å klimpre på gitaren.. ;)

Og takk for "god bedringane".. Det treng eg fortsatt! Er potte tett..