fredag 3. juli 2009

Sommardag på Aksneset

Igår tok vi turen inn på Aksneset for å besøke tante og søskenbarn.
Adele og Johannes har (etterkvart) blitt veldig gode venner. Gleda er stor når dei treffes. Her har dei konkurranse i såpeboble-blåsing.

Her er heile rampe-gjengen. Dei finn på mykje tull og tøys.. men stort sett er dei så kjekke og leikar så fint!
Dei hadde fått seg trampoline sidan vi var der sist! Den vart flittig brukt. Solstrålen Svanhild hadde full kontroll! Imponerande!
Og sjølvsagt vart det litt ueinigheiter.. så Johannes måtte gå av og skamme seg litt, men Adele var på pletten med ein gong for å trøste..Runhild laga deilige urte-scones. Godt med noko salt når ein ligg i skyggen og laddar batteria.. :)

Her er to små inspektørar for å måle kor store potetene har blitt.
Vi gjekk tur og fant både markjordbær, og mykje MYKJE blåbær!


Og var i den IIIIS-KLADE elva og bada. Det såg ikkje ut som om dei syntest det var så kaldt.. berre godt!


Kom an Johannes.. snart heime no!
Eit typisk syn når desse søskenbarna treffes.. eller, helst er det Adele og Johannes som luskar avgårde, så kjem Svanhild hakk i hel... og igjen står Hallvard og ropar: Vent på meg!
Vi er heldige som bur så nært kvarandre så dei får eit slikt nært forhold. Dei er så glade i kvarandre som det går ann å bli.. Sjølv om dei av og til helst vil klore ut augene på kvarandre er det ikkje vanskeleg å gløyme når ein ser kjærleiken mellom dei. Gode lange klemmar og kosar.
Og om ikkje lenge er dei 6 små søskenbarn! Tenk det! Eldstemann Johannes er 3 år, og dei to minste er ventande!
På Rovde kjem der ein liten om ein månads tid, og inn på Aksneset kjem der ein på seinhausten!
Er vi ikkje heldige???

1 kommentar:

Annika sa...

Såg ut som det var ein herlig dag. Eg anar ikkje kor Aksneset er, men tippar det er "over fjorden" ein stad?

Det er kjekt når søskenbarna er tette, og kan ha mykje glede i kvarandre.

Eg hugsar kor eg og kusina mi kjefta og krangla når vi var små, men kor mykje kjekt vi har hatt i lag også, og kor kjekt det er å ha nokon no som du har så mykje felles med frå oppveksten!

Her ligg skodda i dag også, men håper den lettar i løpet av dagen. Utekonsert med Return i kveld:)

Ynskjer dokke ei god helg!