søndag 19. juli 2009

Hagen

Frank har hatt ei veke ferie, men ferie for han betyr ikkje at han skal ligge på lat-sida. Han har jobba stort sett kvar dag frå morgon til kveld. Og det gir resultat!
Dette bildet er frå før han byrja på ferie, 2 veker sidan tenkjer eg.
Dette er frå mandag eller tirsdag trur eg. Buda er ferdig støypt, muren på sida er ferdig og trappa er komt opp! Flinke Franken min.. ;) I tilleg har Torstein våre super duper og lempa på betong-sekkar og støypt til han har stupt her... Tuuuusen takk snille Torstein!! Men han har og to andre gode hjelparar. Adele og Hallvard kjempar om makta over spakane når maskina står stilt, og om å få sitte på fang når han jobbar. Desse bilda tok eg før idag. Svigerfar var her og jobba i heile dag.. :) Golvet i buda er støypt, og som de ser har han fått fylt opp bak murarne og det byrjar å sjå ut som ein hage. Etter at eg knipsa desse bilda har han fått avretta pg fått lagt på singel så det er klart for skruing av platting i morgon! Hurra hurra.. :) I tilleg skal dei nydelege ormegrasa i naboen sin mur kverkast! Nokon som kan gi meg eit godt tips der??? Også skal eg på slang etter stauder.. Pass opp folkens! Startar med nokre bed på Rovde der eg har sett meg ut forsjellig.. så får eg spekulere vidare! ;) Då skal eg avslutte med eit bilde av Adele sin herlege natta-sveis.. ;)
God natt!

5 kommentarer:

Anna Lisa sa...

Ja, det er jammen vorte flott med dokke utvendig. Syns dokke har vore flinke.
Håpa du og dine har det bra. Og at me treffast snart også :)
Ha en fin dag
Klem

Annika sa...

Det er så kjekt når det tek form utvendig:) Ser ut som dokke får det verkleg trivleg:)

Ønsker meg også mur, men det får bli neste år eller noko sånt, trur eg... Eit prosjekt i gongen;)

Randi sa...

Guri land, du må ha det travelt om dagen!!! Hage og maling og butikk...! Var innom bloggen til butikken, vart SÅ GLAD då eg såg kva varer de skal selge! blir supert å få tak i slike merker i butikk her i staden for på nettet!! :)

Anna Lisa sa...

På Utstilling ja!!! Det kan eg tenke meg!!! Hadde du tenkt at me to skal dra ilag? Pling meg....har rota vekk nr ditt.
Hvis du har msn og bruker så er min adresse anna_ice73@hotmail.com
Klem

Unknown sa...

Så utrolig fint det blir!!!! Dere er bare så flinke:) Gleder oss til å se dere igjen og den nye hagen! Fortsatt god sommer! Klem