mandag 6. juli 2009

Familie-utflukt

Så lenge som eg kan huske tilbake har vi hatt familie-utflukter. Eg er oppvaksa på gard, så det var ikkje så ofte pappa hadde fri frå fjøsstell, men når han hadde det, pakka mamma kjølebaggen med godsaker. Smørbrød, bollar, drikke, frukt og godis. Så sette vi oss i bilen å la i veg. Utan eksakte mål, men berre at vi skulle på tur og skulle kose oss!
Eg har uendeleg mange gode minner frå desse utfluktene, og dette er ein tradisjon eg SKAL føre vidare!
Denne søndagen inviterte pappa på tur. Han hadde fri og det klaffa for oss alle(!!!!) akkuratt denne søndagen. Vi har blitt ein storfamilie etterkvart, så det vart 4 bilar med stort og smått som la i veg. Mamma pakka, tradisjonen tru kjølebaggen. Ikkje reint lite mat som går med.. men ho hadde rikeleg! Som alltid.. Vi kjørte til Måløy, og vidare til Refvik-sanden. Og det må eg berre få sagt: For ei perle! Det må være den vakraste sandstranda i Norge! Og den desidert flottaste stranda eg har vore på. Været var ikkje perfekt til å være på stranda. Litt oversky var det uheldigvis, men det la inga demping på turen! Ungane (og Frank og Per Olav!?) bada til dei var blå! Dette bildet seier alt om kva Hallvard syntest om å være på stranda. Alle dei som kjenner Hallvard veit at han elskar sand. Han bli aldri lei! Han leikar i sand, et sand og skit sand... Han var i himmelen!!

Som de ser byrjar Adele å bli blå på leppene.. vi prøvte å grave ho fast i sanden så ho skulle ta seg ei pause frå badinga.

Meir sand enn smør på bollen til Hallvard ja... mmm.. knas knas!
Når det er mat på gong er Hånes-gjengen ikkje vanskeleg å samle!

Adele derimot hadde ikkje tid til slikt.. Så etterkvart fekk vi ungane på land, fekk på dei kle og kvar si boks med smurfe-drops før vi var på hjul igjen.
Neste stopp var Krokenes-fyr.Her er drøyme-prinsane mine! Berre at det er ikkje ein draum.. dei er mine!

Her er heile gjengen samla, eller ikkje alle.. Johannes hadde ikkje tid til slikt tull og eg tok bilde. Men ellers er det alle. Frank og Hallvard, Hanne Marta (eldste søster mi) med Svanhild, Runhild (nest eldste søster) og Jan Øystein, mamma og pappa. Framme Janne og Per Olav ("lisjebroren") og Adele. (+dei 2 små nurka som ligg godt og varmt i magane..)
Takk for turen!
Håpar ikkje det blir for lenge til neste gong.


1 kommentar:

Randi sa...

Heisann! Ser ut som dokke ha ein fantastisk dag, ja!! :D Eg har også vakse opp med den tradisjonen og veit at det er mykje å setje pris på i slikt :) Må visst ta turen til den stranda, såg nydeleg ut. Satser på fint vær igjen!

Takk for kommentar, ja :) Vi har ferie f.o.m. neste veke. Blir litt reising dei to første vekene, så blir vi heime den tredje veka. Ha vore veldig artig å treffast ja, det må me prøve å få til :)

Ha ei god veke!

Klem