torsdag 2. juli 2009


Det er sommar og vi har det veldig bra! Har hatt nokre fantastiske dagar! Sol, sol, sol.. og ikkje minst varme! Derfor lite data-tid, men tømte akkuratt kameraet for bilder, og måtte berre legge ut nokre av dei.

Dagane går i leiking, bading og mykje mykje is! Kan det bli bedre? Akkuratt slik vi vil ha det! :)




Eg berre tok nokre bilder litt på måfå.. så vart litt av kvart ser eg. Som alltid nokre knips av mine gode små, og litt av sommar blomstrane mine. Klematisen min står no i full blomst. Vakker!Vi starta dagen tidleg her idag.. ca 06.30?!
Så Hallvard var trøtt allereie og tar seg ein liten "powernap". Når han våkar hiv vi oss på første ferje over fjorden. Skal inn på Aksneset og besøke denne kjekkasen!


Ellers har vi det veldig bra! Vi er så heldige og takknemmelege.
Det er tunge dagar rundt om i bygdene no. Enda ei tragedie har råka Ørsta-samfunnet.. Brutalt og tragisk!
Husk å sett pris på dei du har kjær, og dine dagar! Kvar dag!!
Tenkjer mykje på dei som har mista sine nære og kjære, og sender dei all mi medkjensle.

Ingen kommentarer: